Tysvær

Tysvær kommune, med sine 10 000 innbyggjarar, er sentralt plassert på Haugalandet og grensar mot kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Sveio og Vindafjord. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km søraust for Haugesund.

Aksdal er eit sentralt kommunikasjonsknutepunkt som bind heilårsvegen E 134 over Haukeli til Oslo saman med E39, kyststamvegen mellom Stavanger og Bergen.

Tysvær kommune er kjent for sine mange fjordar som riv opp landskapet og for si naturprakt med mange idyllar. Her finn du 220 km. med kystlinje med vekslande natur som svaberg, lyngheier, fjell og åsar, djupe fjordar og velhalde kulturlandskap.

Det skrinne jordsmonnet i ytre del av kommunen var ein av grunnane til at den store utvandringa starta frå Tysvær, med Cleng Peerson som reiste til Amerika og fann nytt land. Det same landskapet inspirerte og trollbandt ein av våre største kunstmålarar, Lars Hertervig. Kunstmålaren vart fødd på Borgøy, den einaste øya i Tysvær med fastbuande.

 

Kommunenr: 1146
Organisasjonsnr.: 964 979 812



Innbyggjarar 1.1.2014: 10 673

Areal: 425,3 km2



Total kystlinje: 220 km.
Jordbruksareal: 55 km2
Skogareal: 168 km2
Ferskvatn: 26 km2

Ennå ikke medlem

i Norges største organisasjon for slektsforskere?

Se alle medlemsfordeler

Annonse:

banner ad