Bakgrunnsbilde Slekt og Data
Velkommen til Slekt og Data Sogn og Fjordane

Velkommen til Slekt og Data Sogn og Fjordane

Vi er eit distriktslag for gamle Sogn og Fjordane fylke. Vi har medlemmar over heile regionen og er i gong med arbeidet med å revitalisere distriktslaget. Vi prøver å arrangere kurs, foredrag og starte opp lokale grupper for å gi medlemmane ein uformell møteplass. Ved behov for hjelp, ta kontakt med leiar i Slekt og Data Sogn og Fjordane. Alle er velkomne, uavhengig av erfaring og alder.

Foto: Gustav Borgen/Norsk Folkemuseum

Ofte stilte spørsmål

Oppdatert informasjon og prisar finn du til einkvar tid i innmeldingskjema på denne lenken.

Vi tilbyr medlemskap for ordinære medlemmar, husstandsmedlemmar og ungdoms-/studentmedlemskap (for dei under 30 år). Kontingenten gjeld eit år frå innmeldingsdato.

Alle med hovudmedlemskap får medlemsbladet tilsendt i posten. Husstandsmedlemmar og ungdoms- og studentmedlemmar (under 30 år) får tilgang til medlemsbladet digitalt.

Ja, det kan du. Dette gjeld både opne møter, medlemsmøter og kurs. Uansett kor du er medlem i Slekt og Data så kan du delta på arrangement andre stader enn der du er medlem.

Alle er velkomne til å delta på Slekt og Data Sogn og Fjordane sine møter, og du kan bli medlem etter å ha besøkt oss for å sjå korleis vi har det. Vi er sikre på at du vil finne det nyttig i slektsgranskninga, og vi set naturligvis pris på at kanskje får du og lyst til å bli medlem i Noregs største organisasjon for alle som er interessert i slekts- og personhistorie.