Søstrene Camilla og Virginia Wicks

​Mange spennende utvandringsberetninger i 2025 ble toppet med historien om søstrene Virginia og Camilla Wicks. Dette vart ei flott avslutning på utvandringsårets markering i Slekt og Data Molde.

Agnar Gjendem og Odd Reidar Solem har skrive bok om dei amerikanske «musikk»søstrene Virginia og Camilla Wicks med far Ingwald Wicks frå Gossen. Odd Reidar Solem frå Bergen hadde velvillig lagt turen om Molde i sitt julebesøk til Aukra. Og for ei historie vi fekk høyre på Slekt og Data Moldes julemøte først i desember. 

Virginia og Camilla Wicks


Frå ein liten plass i Varhaugvika på Aukra til den internasjonale stjernehimmelen. Far Ingvald Varhaugvik (Ingwald Wicks) som kjent fiolinist, døtrene Camilla som verdskjent fiolinist og Virginia som stor administrator i den amerikanske jazzverda. «The American Dream» til fulle. Og sjølv med slik berømmelse heldt dei kontakten med Romsdal og Norge, med utallige besøk og konsertar.
Ein bergtatt møtelyd fekk høyre livshistoria til dei tre, og ekstra spennande var det å få innblikk i at Camilla på sine heilt gamle dagar tok imot forfattaren Odd Reidar Solem og kona i heimen sin i Florida i 2019, og gav dei tilgang til å bruke alt ho hadde av bilde og minnemateriale i arbeidet med boka.
Takk til Odd Reidar Solem for dette glimtet frå den store verda.

Odd Reidar Solem

Ennå ikke medlem

i Norges største organisasjon for slektsforskere?

Se alle medlemsfordeler

Annonse:

banner ad