Slekt og Data Søre Sunnmøre

Velkomen til Slekt og Data Søre Sunnmøre! Her tar vi opp ulike tema som hjelper deg å finne røtene dine. På nokre møte, Slektsforskarkveldar, hjelper vi deg med å søke i kjeldene. Alle er velkomne, uavhengig av erfaring.

Fiskaren: Foto: Privat

Slekt og Data Søre Sunnmøre er ei lokal gruppe under Slekt og Data Møre og Romsdal. Gruppa blei stifta 31.01.2017. Vi omfattar Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda.

Her kan du kome anten du er heilt fersk slektsforskar eller meir erfaren. Vi held månadlege møte for alle slektsinteresserte. Her tek vi opp ulike tema som kan vere ei hjelp for deg til å finne røtene dine, og historia kring deira liv. På nokre av møta kan vi også  hjelpe kvarandre å finne våre eigne familiehistorier og løyse slektsgåter. Desse kallar vi "Slektsforskarkveld".

Når er møta?

Vi har møta på tysdagar. Sjå kalender og program! Møta varer frå kl. 18.00 til 20.30. Det er 6 møter i semesteret.

Kvar er møta?

Dei fleste møta er på biblioteket i Ulstein Arena i Ulsteinvik. Om det enkelte gonger blir andre stader, så blir det opplyst om det i programmet og ved annonseringen av det aktuelle møtet. I Ulstein Arena i Ulsteinvik er det garasjekjellar som er ope fram til kl. 21. Der er det og ein kiosk kor du kan få kjøpt kaffi og litt å bite i når vi tar ei lita pause.

Meir informasjon om møta 

Møta er opne for alle som er interesserte i slektsgransking. Medlemmer av Slekt og Data i området vårt får e-poster om arrangementa. I tillegg til informasjonen på desse sidene, kan en få slik gjennom Facebookgruppa "Slekt og Data Søre Sunnmøre" (Be om å bli medlem!).


Der vi har møta er det god tilgang til trådlaust internett, slik at du kan bruke eigen pc. 

 

Ennå ikke medlem

i Norges største organisasjon for slektsforskere?

Se alle medlemsfordeler

Annonse:

banner ad