Om Slekt og Data Sogn og Fjordane

Vi er eit distriktslag for personar som er interessert i slekts- og personhistorie. Vi prøver, gjennom kurs, føredrag og aktivitetar å tilby medlemmane eit utval av aktuelle tema som kan være med å klarlegge slektshistoria. Alle er velkomne til å delta anten ein er nybyrjar eller røynd og uavhengig av alder.

Loen i Stryn

Om Slekt og Data Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane var (og er) eit vidstrakt område, der det er vanskeleg å treffast til felles møter og arrangement. På grunn av dette har distriktslaget prioritert å få etablert lokale lag/grupper for å skape møteplassar for alle slektsinteresserte. Møteplassane skal være uformelle der ein kan samlast til opplæring/kurs eller for å diskutere og løyse slektsflokar.

Slekt og Datas organisasjon er basert på frivilligheit, engasjement og dugnadsinnsats. Det er våre tillitsvalde som bidreg med sin fagkompetanse og erfaring for å gjennomføre dei aktivitetane som medlemmane ønskjer.

Fleire slike lokal lag/grupper over det ganske land har dessutan utvida aktiviteten til å omfatte arbeid med registrering av lokale kjelder som pantebøker, fotografi, matrikklar og inn- og utflytte, samt brukargrupper for dei forskjellige slektsprogramma som medlemmane bruker.

 

Formål

Distriktslagets funksjon er:

  • å gi medlemmene i distriktet tilbud og tjenester ved å skape et lokalt forum for slekts- og personhistorie
  • å spre kunnskap om dette og for øvrig stimulere slektsforskning i sitt område
  • å organisere og koordinere medlemmenes arbeid i forbindelse med databehandling av genealogisk kildemateriale, samt å stimulere slikt arbeide

 

Historikk

Slekt og Data Sogn og Fjordane vart starta den 18.1.1999, og har pr 1.9.2024 185 medlemmar både i og utanfor Sogn og Fjordane.

Om du er interessert i slektsforsking, er du velkommen til å kontakte oss. Vi hjelper deg gjerne å komme i gang eller vegleie deg videre. Du er velkommen på møter i dei lokale laga/gruppene sjølv om du ikkje er medlem. Møta er opne for alle.

Ennå ikke medlem

i Norges største organisasjon for slektsforskere?

Se alle medlemsfordeler

Annonse:

banner ad