DNA og DNA testing
Fjernsynsprogram som Tore på Sporet, DNA jegerane og Ukjend arving har bidrege, på kvar sin måte, til å vise korleis DNA testing kan brukast til å avklare slektskap og familierelasjonar som har gått tapt i tidlegare tider.
Dei siste åra har bruken av DNA i slektsforskinga vorte eit tilbod som fleire og fleire har nytta seg av som ei mogelegheit for å kunne finne familiesamanhengar der kyrkjebøkene og arkiva elles ikkje har noko oppføring. For å bidra til at våre medlemmar skal kunne få vegleiing om korleis ein kan gå fram for å ta ein slik test og hjelp til å kome vidare med tolking av testen, har Slekt og Data Sogn og Fjordane fått (eit av våre medlemmar) til å ta på seg rolla som DNA koordinator og hjelpe dei medlemmane som ønskjer meir informasjon om DNA testing og kva ein kan forvente seg av løysingar.
Dette gjeld val av testar og ikkje minst val av leverandør avhengig av kva ein ønskjer å finne og på kva kontinent. (Nokre testar er meir utbreidde på eit kontinent enn andre, og det er samstundes forskjell i kva testane inneheld av opplysningar og om det er mogeleg å laste opp ein test til fleire testområder)
Eit spørsmål som ofte dukkar opp er korleis personvernet er teke i vare gjennom DNA testinga. I Noreg er det strenge reglar for korleis ein skal handtere personvernet, og det er laga retningsliner for korleis vi som organisasjon tek dette i vare.