Garden/Husmannsplassen Skår/Skurdal i Vågå

Moderator: MOD_Oppland

Svar
dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Garden/Husmannsplassen Skår/Skurdal i Vågå

Legg inn av dn27834 » 2. juli 2010 kl. 13.13

Gjennom ei tidlegare etterlysing har eg fått "nye" slektningar, som har kome lengere i granskinga av Klinkenberg-slekta enn eg. Og da i slekta bakover i tid, og tippoldefar min, Amund Amundsen, er oppgjeve født på garden Skår i Vågå 03.11.1824. Det same er far hans, Amund Mikkelsen Skurdal, f. 1799, men han døde 13.03.1884 på garden Formo i Sel. Eg trur det kan ha vore husmannsplassar under gardane, Klinkenberg i Sel låg vel under Formo, evt var plassen kalla Formoeie ei tid, og ligg i dag under Leirholo?
Men korleis er det oppi Vågå, er Skår eller Skurdal stader i Vågå idag? Eller i Sel, kanskje, da Sel var registrert under Vaage ein bolk? Er det nokon som veit dette, vil eg vere takksam.
På førehand takk.
Wenche

Svar

Gå tilbake til «Vågå»