Supplement/side 130b Ner-Nisja - Vermøya

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Supplement/side 130b Ner-Nisja - Vermøya

Legg inn av Knut Sæther » 13. januar 2008 kl. 12.54

Det står at den Erik Andersson som fekk ein uektefødd son Jon f. 1854 med Rannei Olsdotter, var ein husmannsson frå Leangsøya.

Retting:
Erik Andersson var nok ikkje frå Leangsøya. Ved dåpen til Jon er faren oppført med namnet Snøva. Ein som heitte Erik Andersson Snøva fekk også ei dotter Mari f. 1850 og ein son Anders f. 1851 - begge fødde utanom ekteskap. Både gardsnamnet og det oppgjevne talet på leiermål til faren ved desse dåpsinnførslene viser at det her må vere tale om ein og same person. Erik Andersson må ha vore son til Anders Evensson II, Snøva bruk nr. 2, og han vart seinare husmann på plassen Kløfta under Røyhjellen - jf. Sunndalsboka bind 2 s. 202. Anders f. 1851 er for øvrig oppført som son til denne husmannen i Sunndalsboka - ikkje under plassen Kløfta, men under rettingane i bind 5 s. 374.

Andre kjelder:
*Møre og Romsdal fylke, Sunndal, ministerialbok nr. 590A05 (1847-1877), fødde og døypte 1851 s. 35 og s. 39; fødde og døypte 1854 s. 60.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Sunndalsboka»