Inngangskoner Borgund M & R rundt 1790

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
Kjell Jan Remø
Innlegg: 302
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Inngangskoner Borgund M & R rundt 1790

Legg inn av Kjell Jan Remø » 27. juni 2025 kl. 21.48

Sjå vedlagte link til introduserte kvinner i Borgund 1787

Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, AV/SAT-A-1454/528/L0421:
Klokkerbok nr. 528C02, 1785-1800, s. 178-179Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070903630427
Bak dei introduserte står det i dei aller fleste tilfelle ein b.
I eit tilfelle står det ein X. Det er til gjengjeld ei kvinne frå overklassa. (Wiingaard)
I nokre få tilfelle står det ingenting.

Mellom dei med ein b etter namnet, er og ei som har fått eit dødfødt barn.
Kva står bokstaven b for ?

Betalt ???


 
 
 
 
 

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5744
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Inngangskoner Borgund M & R rundt 1790

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 28. juni 2025 kl. 0.01

Eit triks som ofte verkar, er å sjå lengst framme i den aktuelle lista.
Og der på den andre sida (s. 174; 20 s. e. tr, 1785m, nr. 1) er det skrive halvegs ut "bet."
Så, ja - venteleg "betalt".

Etter Kristian Vs lov (2-12-7) var satsen 16 skilling. Men dei velståande kunne godt betale meir, og presten
kunne vere imøtekomande med dei fattige.  (2-12-9): "Og enddog her i Loven er forreskrevet, hvad Præsterne p
aa Landet for deris Tieniste skal givis, saa ville vi dog ikke betage nogen sin fri Villie at betænke videre sin
Siælesørger efter sin Formue; Hvorimod Præsterne og bør at overveje de Fattigis Vilkor, og ej over deris
Evne at fordre det Yderste. "
Dette kan kanskje forklare både X-ar og manglar.

Kjell Jan Remø
Innlegg: 302
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Re: Inngangskoner Borgund M & R rundt 1790

Legg inn av Kjell Jan Remø » 28. juni 2025 kl. 8.58

Hei !

Mange takk Ivar Ståle !     :)
 



 
 
 

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»