Vest ved Vardetangen bind 1 side 91

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
Hardy Pedersen
Innlegg: 1
Registrert: 24. september 2024 kl. 20.17

Vest ved Vardetangen bind 1 side 91

Legg inn av Hardy Pedersen » 24. september 2024 kl. 21.04

Hei
Me er ein gjeng i regi av Austrheim Sogelag som møtes jevnlig og jobbar med slekt. På årsmøtet for 2023 fekk me eit oppdrag å finna ut kvar det vart av barnet etter Mari Meier som vart drepen på Njøtøya i Austrheim. Denne historien er skrevet om i bind 1 av "Vest ved Vardetangen" som er lokalhistorie frå Austrheim. Sogelaget har gitt ut fleire bind med lokalhistorie utover bygdebøkene.
Desse bøkene skal ligga på nett og historien kan ein lesa her. https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2014062006078

Me i slektsgruppa slit med å finna att desse personane som er nemnd i historia og treng hjelp til å søkja vidare?
Er det nokon som kan bistå oss med å finna ut om dottera kom til folk etter at ho vart sett i land i Monslaupen der mora hennar iflg historien hadde familie.
Drapet skjedde på Njøtøyna i Austrheim like før hjul i 1680. Det er omhandla i tingbok for Nordhordland i januar i 1681. Mordaren vart tatt berre dager/veke etter drapet.
Mor til Mari (som vart drepen) er nemnd som Agnete Michelsdotter, stefar vert nemnd som løyntnant Niels Larsen. 
Ingen av namna er med i bygdebøkene for Austrheim. 

Med vennleg helsing 
Hardy Pedersen

Svar

Gå tilbake til «Austrheim»