Legg inn
av Arnfinn Kjelland » 22. mars 2005 kl. 7.36
For ordens skyld: 1802 er ikkje eit matrikkelforarbeid, men ei taksering av fast eigedom som grunnlag for ei årleg avgift, den s.k. jordavgifta etter forordning av 1. oktober 1802. Men materialet kan minne om eit matrikkelforarbeid.
Vi har to sett med matrikkelforarbeid frå 1800-talet: for dei trykte matriklane frå 1838 og 1886. Forarbeida for 1838-matrikkelen starta i 1818, men er ikkje like detaljert som det neste, frå 1860-åra. Dei siste (dei s.k. "herredsbeskrivelsene"), kan innehalde særs mange detaljar, men dei kan variere betydeleg frå bygd til bygd.