Familien til Einar Olson Djupvik Harholt f 1759

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Familien til Einar Olson Djupvik Harholt f 1759

Legg inn av Magnar Husby » 5. januar 2016 kl. 19.33

I Nessetboka II side 127 under Fløtten, Harholt er Einar Olson og kona Brit Knutsdotter oppført med desse døtrene:
1. Guri f 1786 2.Marit f 1793, gift med Jon Estenson. Sjå meir om dei under husmenn.
(Sjå også same bok side 143).

Det med Guri er rett. Ho står oppført i kyrkjeboka. Ho var truleg mora til Einar Veltan som er omtala i bind IV side 228 (sist under Teigset). Når ho blir mor i 1817 har ho etternamnet Eidsvåg, og det har faren hennar Einar Olson og, som er fadder.

Det med Marit må vere heilt feil. Det kan ikkje vere denne Marit som var gift med Jon Estenson. Det må vere ei mykje eldre syster eller halvsyster, for når ho vert gift på nytt i 1824 med Ola Nilsson Ringstad, er alderen oppgjeven til 46 år, og når ho døyr i 1846 (gravlagd 1847) er alderen oppgjeven til 66 år. Ho var altså fødd kring 1780, lenge før Guri og ekteskapet med Brit Knutsdotter Lien i 1886. Det har ikkje lukkast meg å finne dåpenen hennar. Det har heller ikkje lukkast meg å finne henne i folketeljinga 1801. Og det er sannsynleg at ho var ei halvsyster, for døtrene hennar heiter Maria og Gjertrud, ikkje Brit. Dottera til Marit nedanfor heiter derimot Brit.

Same året som Marit ovanfor vert gift på nytt, vert det gift ei Marit Einarsdotter Eidsvåg med Lars Larsson Helle Nerland. Dei fekk slå eg ned på ein husmannsplass under Teigset. Det er nok denne Marit som står oppført i boka som fødd 1793 og gift med Jon Estenson (ho var ikkje fødd i 1793, men i 1794). Det er få bevis å halde seg til, men søstera Guri, med etternamnet Veltan) er fadder til første barnet hennar (som levde opp? – Lars fødd 1830).

Det har ikkje lukkast meg å finne noko skifte som kan bevise dette. Men kanskje nokon har vore borti det? Eller borti andre dokument som seier meir om familien?

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Familien til Einar Olson Djupvik Harholt f 1759

Legg inn av Magnar Husby » 8. januar 2016 kl. 10.01

Etter å ha gått gjennom fadderbruken til Jon Estenson/Marit Einarsdotter tvilar eg på at denne Marit Einarsdotter var i familie med Einar Olson Djupvik Harholt. Eg fann heller ikkje giftarmålet deira. Og nokon Jon Estenson finn eg heller ikkje sporet av i folketeljinga 1801. Skiftet etter Jon synest gjennom vergebruken å tyde på tilknytning til haugianarane på Myklebostad.

Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Familien til Einar Olson Djupvik Harholt f 1759

Legg inn av Knut Sæther » 8. januar 2016 kl. 11.11

Hei Magnar - Jon Estensson "Harholt af Næsset" og Marit Einersdotter Hønsvik vart gift i Stangvik 14. juli 1811 (sjå høgre side, litt ovanfor midta):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stangvik, Ministerialbok nr. 592A01 (1784-1819), Kronologisk liste 1811, side 138.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-143
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 640114.jpg

Mvh. Knut.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Familien til Einar Olson Djupvik Harholt f 1759

Legg inn av Magnar Husby » 8. januar 2016 kl. 13.03

Takk! Det var i grunnen som venta at det måtte vere ei Marit Einarsdotter utanfrå, ikkje i nær slekt med Einar Olson?. Merkjer meg elles at forlovarane var Thore Aaasprong og Ole Løset.
Men å finne Jon Estenson og Marit Einarsdotter i 1801 ser ut til å vere vanskeleg same kva. Det er fleire kandidatar, men ingen Marit Einarsdotter i Hønsvika eller Jon Estenson nær Nesset.

Svar

Gå tilbake til «Nesset»