Halvor Knutsson og Ragnhild Olsdotter - kvar vart dei av?

Moderator: MOD_Oppland

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Halvor Knutsson og Ragnhild Olsdotter - kvar vart dei av?

Legg inn av Knut Sæther » 24. januar 2015 kl. 22.07

Her blir ungkar Halvor Knutsson og pike Ragnhild Olsdotter trulova i Vågå 6. april 1788 (tredje spalta på venstre side, nest siste innførselen):

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Vågå, Ministerialbok nr. 1 (1739-1810), Trolovede 1786-1789, side 114.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-135
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 520356.jpg

Kausjonistar er Ole Svensson og Knut Knutsson.

I 1784 ser det ut til at Halvor og Ragnhild hadde fått ei dotter Kari (høgre spalta på høgre side, den ellevte innførselen ovanfrå):

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Vågå, Ministerialbok nr. 1 (1739-1810), Fødte og døpte 1784, side 82.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-103
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 520324.jpg

Fadrane er så vidt eg kan sjå Jon Storvig, Synev Grev, Ragnhild Rusnæs, Anne Sønsteli og Anne .....?.

Er det nokon kjennarar av Vågå-slekter som kan ha ei aning om kven desse folka var, og kva som skjedde med familien? Eg spør fordi det er muleg at både foreldra og dottera hamna i Sunndalen på Nordmøre ein gong før 1801.

Verken ved vigselen eller ved dåpen til Kari er Halvor og Ragnhild oppførte med noko gards- eller plassnamn, og det gjer det vel vanskelegare å identifisere dei. Men fadrane kan kanskje vere til hjelp.

Noka gards- og slektshistorie for Vågå eksisterer vel ikkje?

Mvh. Knut.

gj13832
Innlegg: 108
Registrert: 17. april 2011 kl. 13.31
Sted: Nederland

Re: Halvor Knutsson og Ragnhild Olsdotter - kvar vart dei av

Legg inn av gj13832 » 25. januar 2015 kl. 15.41

Ser ut som dette er begravelsen til Halvor Knutsson i 1803, oppført som 68 år gamal (fødd ca 1735); http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb ... 0001350437

Alderen stemmer ikkje heilt med FT1801, da er han oppført som 60 år gamal, f.ca. 1741;
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8429000610
og kona Ragnhild Olsdotter 46 år, f.ca. 1755.

Det finst ei bok som heiter "Slekter i Vågå og Lom med forgreininger blant annet til Sel, Heidal og Skjåk" av Pål Øystein Kvarberg. Mogleg at det er noko å finne der. Eg har ikkje boka sjøl men det er sikkert andre innpå her som kan hjelpe.

Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Halvor Knutsson og Ragnhild Olsdotter - kvar vart dei av

Legg inn av Knut Sæther » 25. januar 2015 kl. 22.27

Takk for innspel!

Ja, det er dei personane du har oppretta lenkjer til eg prøver å finne ut meir om. Eg kan ikkje sjå at dei var konfirmert og gift i Sunndal. (Kyrkjebokinnførslene i dette prestegjeldet er bevart bakover til 1752.) Eg er derfor nokså sikker på at dei var innflyttarar. Ei Kari Halvorsdotter som tente på garden Flatvad i 1801, har eg heller ikkje funne opphavet til, og ho kan vere dottera til Halvor og Ragnhild. Alderen stemmer iallfall godt:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webce ... rk=25#ovre

Denne Kari vart elles konfirmert i 1805, og med 22 år som oppgjeven alder.

I FT 1801 er Halvor og Ragnhild oppført med ein son Ole. Ut frå dei undersøkingane eg har gjort så langt, ser det ut til at denne sonen var fødd i Sunndal, og at han i 1828 flytta til Or på Frei ved Kristiansund, der han vart gift. (Han er omtala i bygdeboka for Frei.) I 1832 er ei enkje Ragnhild Olsdotter registrert innflytta til Frei frå Sunndal, og i 1836 døydde ei Ragnhild Olsdotter Ohr der. Sjansen er stor for at denne kvinna var mor til Ole.

Mvh. Knut.

Svar

Gå tilbake til «Vågå»