Hans Olsen Ullaland og hans to koner Sara og Barbro

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
gj15561
Innlegg: 41
Registrert: 15. januar 2012 kl. 13.38
Sted: Fosnavåg

Hans Olsen Ullaland og hans to koner Sara og Barbro

Legg inn av gj15561 » 3. november 2014 kl. 22.48

I ulike sekundærkilder vert det framsett påstanden at Hans Olsen - brukar på Ullaland nr. 2 i Austefjorden - vart gift fyrste gongen med Sara Pedersdatter Rusten/Berge. Ho skal etter desse sekundære kildene vere død 1722, og også vere mor til borna etter Hans. Dei same kildene fortel vidare at Hans giftar seg oppatt med ei Barbro Nilsdatter.

Har fleire spørsmål til dette!

For det fyrste kva er primærkilda til at Hans var gift med Sara?

og - kvar kjem det fram at Sara døyr i 1722? (primærkilde!)

Sett i lys av skiftet etter Hans i 1734 finner eg det merkelig at denne Sara skal vere mor til borna etter Hans. I skiftet står det nemlig ganske tydelig: Sitat "Skiffte og Deeling immellem Hans effterlate Enke Barbroe Nilsdatter paa den Eene og deris tilsammen aflede 3 Børn Nemlig Ellias Hansen Myndig, Ole hansen myndig, Anne Hansdatter med formynder Brodenen Elias Hansen"

Har skifteskrivaren misforstått noko her og utelatt at det skal vere born av "forrige qvinde"? Eller er Barbro faktisk den eine rette kona og mor til borna hans??

Skiftet er å finne her

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 11 , 1732-1735, oppb: Statsarkivet i Trondheim.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24552/248/

Sjå her for eksempel på sekundærkilder

Garden Ullaland i "Gardar og ætter i Volda av Per Årviknes
http://www.nb.no/nbsok/nb/4e4fc9fb973b2 ... a2f11a8#91

Ei MyHeritageside med gjengjeving av ulike namn og samanhengar
http://www.myheritage.no/person-1404120 ... n-ullaland

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5744
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Hans Olsen Ullaland og hans to koner Sara og Barbro

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 4. november 2014 kl. 0.36

To mogelege kjelder:

ifl. "Busetnadssoga for Volda" b.3 s. 515 (Ullaland) er Sara død før eit skifte 15.6.1722. (I samanhengen kan det lesast som skifte etter Sara, men det er eigentleg ikkje sagt.)
Ho skal (ilf. same boka) vere dotter til Peder Mikaelsson Rusten (s. 63), som er død før eit skifte 30.6.1723. (Igjen er det nærast å lese at skiftet er etter Peder.)


Skiftet etter Peder, frå 1723, er her: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24548/250/ (Rusten = Nedsteberget = "Berg")
Dotter Sara har vore gift med Hans Ulleland, er død, ettelate seg Elias Hansson, 22 år, Ole Hansson 19 år og Anna Hansd. 14 år.

Det tyder på at skiftet etter Hans frå 1734 inneheld ein feil: "samen aflede". For arven sin del har det ikkje noko å seie kven som er mor til dei tre. Dei arvar faren, ikkje enkja hans. Dersom ho var mor deira, ville dei arva henne seinare.
Sist redigert av Ivar Ståle Ertesvåg den 4. november 2014 kl. 0.45, redigert 1 gang totalt.


gj15561
Innlegg: 41
Registrert: 15. januar 2012 kl. 13.38
Sted: Fosnavåg

Re: Hans Olsen Ullaland og hans to koner Sara og Barbro

Legg inn av gj15561 » 4. november 2014 kl. 16.25

Takk for helpa, Ivar :D

Eg hadde eit håp om at noko slikt som dette var å finne og forsøkte å leite sjølv i håp om å finne eit skifte etter Sara men eg fekk dessverre ikkje napp i databasen.

Morten

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5744
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Hans Olsen Ullaland og hans to koner Sara og Barbro

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 4. november 2014 kl. 16.38

... nei - eg finn dei ikkje i skifteregisteret på Digitalarkivet/-pensjonatet.

Kanskje du hintar eigaren av registeret (Arnstein S.) om dette emnet?

gj15561
Innlegg: 41
Registrert: 15. januar 2012 kl. 13.38
Sted: Fosnavåg

Re: Hans Olsen Ullaland og hans to koner Sara og Barbro

Legg inn av gj15561 » 4. november 2014 kl. 17.58

Det kan la seg gjere.

Spørsmålet er då om manglande registrering er avgrensa til protokollane 3A 06 (Peder) og 3A 08 (Sara) eller det gjelder fleire?

Eg veit frå tidlegare at feilregistrering forekjem. T.d. er svært mange av skifta for Myklebust i Syvde registert som tilhøyrande Myklebust i Sande. Men dette er vel noko som henger igjen frå det papirmaterialet som Arnstein brukte då databasen vart oppretta og det kan ein vanskelig laste han for.

Svar

Gå tilbake til «Volda»