Hæge Bjørgufsdatter

Moderator: MOD_Emigranter

Svar
gj13744
Innlegg: 21
Registrert: 7. april 2011 kl. 14.41
Sted: STAVANGER

Hæge Bjørgufsdatter

Legg inn av gj13744 » 27. august 2013 kl. 11.52

Håpar der er nokon som veit kor ho vart av.
Er ute etter å finna mest mogleg om Hæge Bjørgufsdatter f. 23 mai 1822. Vinje Telemark. Komf. 1840, vaksinert 1831 og 1858, tjenestepike 1865 på Etland Vinje. Fekk april 1869 reiseattest til Amerika.
I følge R. Berge bygdebok, yngre Farastad ætta, vart ho gift i USA. Og meir klare eg ikkje finna om ho.

Har ein føling at Hæge var i kontakt med tri syskjenbarn, som emigr. i 1859
Kjetil f. 1824 gift Gro Tarjeisdatter Telnes.
Knut f. 1826 gift. Anne Aslaksdatter.
Talleiv f. 1829 gift Guro Hallvorsdatter Vasshus.

Dei bruka alle samman etternamnet Torgerson.

Desse tri brødre, var å finna i Kandihoya Minnesota før borgarkrigen som dei var med i.

Etter borgarkrigen flytta Talleiv til Polk County Minn. Knut flytta til Bottineau County ND.
Kjetil flytta til Cavalier County ND

På førehand takk.

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Hæge Bjørgufsdatter

Legg inn av dn27834 » 27. august 2013 kl. 16.31


Svar

Gå tilbake til «USA/Canada»