Regulering av soknegrensa Vigra/Haram på 1700-talet

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5744
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Regulering av soknegrensa Vigra/Haram på 1700-talet

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 21. august 2013 kl. 22.05

Eg har gjort ei lita gransking av soknegrenser på Sunnmøre i eldre tid.
Det er få og små endringar, men éi av dei gjeld gardane sør på Lepsøya: Lausund, Rønnestad og
ytre/indre Farstad.
I prestemanntala 1664-66 er dei rekna til Vigra sokn.

Kyrkjeboka for Haram har eigne bolkar for Haram og Roald/Vigra for åra 1689-1737. Her er folk frå Rønnestad og Farstad førte i Roald-bolken - altså i samsvar med prestemanntala frå 1664-66.

I Hans Strøm si bok (b.2 utg. 1767, men truleg ferdigskriva i 1762 då b.1 kom ut) er dei i Haram sokn. Dette stemmer m.a. med matrikkelen 1838.

Er det nokon som veit kva tid grensa vart regulert?
- eller om det berre var ei gradvis utvikling der folket helst søkte til Harams-kyrkja, og så vart det slik?
Er det evt. nokon som kjem på kjelder som kan fortelje om dette?
Skattelister av ymse slag (og FT1701) er delte inn etter skipreide, og det vert noko anna.
Det ser ut til at kyrkjeboka er sams for begge sokna 1737-1818.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5744
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Regulering av soknegrensa Vigra/Haram på 1700-talet

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 26. august 2013 kl. 16.55

... var det ingen som visste noko her?


Eg fann litt meir: I "Annotations Boog" (forarbeid til Søndmørs Beskrivelse) har Hans Strøm noter noko om Roald og Haram. Han har fått eit oversyn av "Hr. Even" (Even A. Meldal ifl i utgjevaren av boka), som han meiner har for få bønder i Haram og for mange i Roald;
http://www.nb.no/nbsok/nb/32d9cbc0f8bcb ... ndex=2#157

"Hr. Even" har tydelegvis rekna med Lausund, Rønnestad og ytre/indre Farstad (i alt 12 bønder) til Roald/Vigra.

dn14369
Innlegg: 369
Registrert: 6. februar 2005 kl. 20.46
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Regulering av soknegrensa Vigra/Haram på 1700-talet

Legg inn av dn14369 » 26. august 2013 kl. 22.56

Ein utanomsakleg kommentar til namnet på den eine av 'grensegardane': Eg har ikkje sett det skrive 'Rønnestad'. Det finst skriftlege kjelder med denne forma. I Norske Gaardnavne, b.13, s.207:
19. Rønstad. Udt. rø2nnsta. -- af Røynistadhom AB. 79. Røn-
stad NRJ. II 102. Ronestad OE. 3. Rønnestad 1603. 1606. 1617.
1666. 1723.),
men eg (f 1945 i Haram) har aldri høyrt annan lokal uttale enn 'rønnsta'. Opphavet til namnet har eg ikkje sett noko om. Mannsnamn? Rognir? Raugna?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5744
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Regulering av soknegrensa Vigra/Haram på 1700-talet

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 26. august 2013 kl. 23.09

Ein utanomsakleg kommentar


Ja, det var vel akkurat det....

Om eg har bruk for eit forsvar, så er namnet skrive "Rønnestad" i prestemanntalet 1664 og
"Rønestad" i matrikkelen 1838.

Du veit ikkje noko innomsakleg her?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5744
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Regulering av soknegrensa Vigra/Haram på 1700-talet

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 9. januar 2015 kl. 22.24

Svarar på eige spørsmål, for 1711:

I tenarmanntalet som prestane leverte inn på vårparten 1711 som underlag for "skoskatten" (skatt på sko, tenarløner, parykkar, m.m.) same året, er "Rønstad", "Farstad" og "Lousund" rekna til Roald (Vigra) sokn.
Tenarmanntala er ordna etter prestegjeld og sokn (sidan prestane laga det). Hovudmanntalet for heile Sunnmøre, som futen laga, er ordna etter skipreide.

Futerekneskapen, som manntalet høyrer til, er ikkje offentleggjort, men uoffisielt ligg han skanna her:
http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47662/263/
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 172262.jpg

Svar

Gå tilbake til «Haram»