http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=14&filnamn=f18011527&gardpostnr=73&personpostnr=1157#nedre
Eg har nokre puslespelbitar men veit ikkje om dei passar saman ...
Etter FT1801 burde Peder vera fødd i 1751 eller so. Ifylgje bygdeboka for Sykkylven er han fødd 1843, frå «Øye i Vartdal?» (sic). Finst der andre kjelder som underbyggjer det?
Peder Pedersen Helsylthe og Brithe Rasmusdatter Blombach vert vigde i Sunnylvskyrkja 9. april 1787. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-55 (OK. Eg klarer ikkje heilt å tyda oppslaget, og støtter meg på FamilySearch òg.)
Kan det vera dette paret som slo seg ned på Aurdal?
Pro. Året stemmer bra med eldste dotter på 14 år i FT1801. Namna stemmer bra.
Contra. Etter bygdeboka er Peder brukar på Aurdal frå 1786. Kvifor er han då nemnd Helsylthe i 1787?
Eg går ut frå at Helsylthe er Hellesylt i Sunnylven. Peder Gamalson's son Peder var fødd i 1751 og kan vera same person. (Eg trur dåpen står her http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-47, der faren er kalt Per Corporal, men er ikkje sikker.) Eg aner ikkje kvar Blombach er

Alle nye bitar vert mottekne med takk.
:-- Hans Georg