Marthe Marie Hansd, Myklebust - fødsel?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Heidi Elin Goksøyr
Innlegg: 20
Registrert: 7. januar 2009 kl. 21.51
Sted: SKODJE

Marthe Marie Hansd, Myklebust - fødsel?

Legg inn av Heidi Elin Goksøyr » 16. september 2021 kl. 16.01

HeiNo har eg (nesten) gitt opp å finne fødsel og foreldre til Mart(h)e Marie Hansdatter? Er det nokon som kan hjelpe meg å leite? Her er det eg veit:Mart(h)e Marie Hansdatter har sett litt ulike forslag til fødselår, men greier ikkje finne henne i kyrkjebøkene. Bjarne Rabben skriv f. 1798 under oppføringa på Frøystadvåg bnr. 3 (Gardar og folk 1) https://www.nb.no/items/630d4e237627994 ... akariasson»
 Ho var konfirmert i Herøy i 1814 https://media.digitalarkivet.no/view/15 ... QQYvys_30A som Marte Maria Hansd. Myklebust  gifta seg med Sacarias Sacariasen i 1823-08-03 i Herøy, Sunnmøre.https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000009318691https://www.digitalarkivet.no/kb20070829630362 Dei fekk borna 
  1. Hendrika Andrea Pouline i 1923 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000040690673 Bustad er transkribert til Ruesund, men kan vere Rørsund? Uansett i Herøy.
  2. Johannes Fredrik Andreas var fødd 1825-03-02. https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000040690796Då budde dei på Espeset i Herøy.
  3. Parelius Andreas Martinus (min tippoldefar) i 1827-10-21. https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000040343720
https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000040691072
  1. Hans Amund Gul(l)ik i 1834 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000040691936
  2. Lars Andreas Martinus i 1840 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000040692512
  Martha Marie Hansdatter Skinnæs døyr som Lægdslem (?) 1863-05-26 ministerialbok https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000006608653 Dødsfallprotokoll (nr.74)https://media.digitalarkivet.no/view/56305/53

Brukeravatar
Brit Sæther
Innlegg: 1077
Registrert: 7. juni 2016 kl. 20.09
Sted: SKEDSMOKORSET

Re: Marthe Marie Hansd, Myklebust - fødsel?

Legg inn av Brit Sæther » 16. september 2021 kl. 18.39

Jeg har ikke funnet fødselsdato for Marte Marie Hansdatter, men familien bor på Frøystadvaag i 1840:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000040692514

Hilsen
Brit

 

Heidi Elin Goksøyr
Innlegg: 20
Registrert: 7. januar 2009 kl. 21.51
Sted: SKODJE

Re: Marthe Marie Hansd, Myklebust - fødsel?

Legg inn av Heidi Elin Goksøyr » 16. september 2021 kl. 18.44

Tusen takk Brit.
Eg har ganske bra oversikt mellom konfirmasjonen og døden, så det er fødsel og 1801-tellinga eg så gjerne skulle funne henne og faren, truleg Hans, i.

Har prøvd i omlandet, og prøvd å sjekke «døde Hanser» i skifteregistera, men utan etternamn er det vanskeleg.

Heidi

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5700
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Marthe Marie Hansd, Myklebust - fødsel?

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 17. september 2021 kl. 20.20

8842 skrev: 16. september 2021 kl. 16.01Hendrika Andrea Pouline i 1923 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000040690673 Bustad er transkribert til Ruesund, men kan vere Rørsund? Uansett i Herøy.
 
"Fluesund", altså Flusund.
Heidi skrev:Eg har ganske bra oversikt mellom konfirmasjonen og døden, så det er fødsel og 1801-tellinga eg så gjerne skulle funne henne og faren, truleg Hans, i.

 
Usikker på om det hjelper - men det vert 319 tilslag i FT1801 på førenamn Mar* etternamn Han* fødselsår 1798 eller 1799 for heile landet:
 https://www.digitalarkivet.no/search/pe ... =&sort=rel
Dersom ho ikkje er her, kan ho mangle kvar som helst... - eller vere ført med eit anna namn.

Det er ikkje så mange kjelder å leite i.  Hadde ho levd eit par år lenger, kunne fødestaden stå i FT1865 - men det gjorde ho ikkje.
Ho kan vere fødd utanom ekteskap; og eller av litt mindre bufaste folk (husmenn som flytta ofte).
Ho kan også høyre til folk frå dei indre bygdene (Ørsta, Volda, Hjørundfjord, ...) som reiste ut på øyane for å delta i fiske (helst som mannskap).
Ho kan ganske enkelt vere innflyttar. Men du har sikkert ikkje funne nokon høveleg Hans som brukar på Myklebust.
 

Heidi Elin Goksøyr
Innlegg: 20
Registrert: 7. januar 2009 kl. 21.51
Sted: SKODJE

Re: Marthe Marie Hansd, Myklebust - fødsel?

Legg inn av Heidi Elin Goksøyr » 17. september 2021 kl. 20.38

Takk Ivar Ståle!

Fekk eit tips om ein mogleg Hans (f. 1754) frå Vartdal:Potensielle besteforeldre på Myklebust, Vartdal (altså foreldra til Hans)https://www.nb.no/items/2677e6ec3a91996c3e442b18599a96e3?page=529&searchText=Vartdalsoga Potensiell far Skifteprotokoll 1755 Hans Olsen Møchelbust, Ørstenhttps://media.digitalarkivet.no/view/24559/273
Sistnemnde slit eg med å tyde. 

Ellers syns eg det er rart at eg ikkje skal kunne finne nokon av dei i 1801-tellinga (helst i same husstand) ;-)
Har sjekka ut MAANGE Marter (med variasjon), og nokre Hanser, og vore romsleg på fødselsår. Konfirmasjon i 1814 KAN tyde på fødsel 1799, men det kan også vere så tidleg som 1794 etter andre innføringar eg har sett.

Eg får prøve vidare :-)

mvh
Heidi

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5700
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Marthe Marie Hansd, Myklebust - fødsel?

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 17. september 2021 kl. 22.14

8842 skrev: 17. september 2021 kl. 20.38 Takk Ivar Ståle!

Fekk eit tips om ein mogleg Hans (f. 1754) frå Vartdal:Potensielle besteforeldre på Myklebust, Vartdal (altså foreldra til Hans)https://www.nb.no/items/2677e6ec3a91996c3e442b18599a96e3?page=529&searchText=Vartdalsoga Potensiell far Skifteprotokoll 1755 Hans Olsen Møchelbust, Ørstenhttps://media.digitalarkivet.no/view/24559/273
Sistnemnde slit eg med å tyde. 

 
Trur det må vere blindspor (og feil i bygdeboka)

Det er to skifte på Myklebust på dette oppslaget:
til venstre etter Else Pedersd., mellom enkjemann Michel Gullichsen og barn Knud Michelsen 2 år, formyndar Niels Olsen Remme.
til høgre etter Hans Olsen, mellom enkja Marthe Olsd. og "den afdøde sal mands eeneste barn sc. Ole Hansen gl 3/4 aar"
(bygdeboka kallar sonen Hans)

Det er mogeleg at ho har teke med seg etternamnet frå eit anna Myklebust enn på Bergsøya... men då er det mange å velje mellom
(Sande, Vartdal, Ørsta, 2 i vanylven, for ikkje snakke om den store landsbyen i Syvde)

 

Heidi Elin Goksøyr
Innlegg: 20
Registrert: 7. januar 2009 kl. 21.51
Sted: SKODJE

Re: Marthe Marie Hansd, Myklebust - fødsel?

Legg inn av Heidi Elin Goksøyr » 17. september 2021 kl. 22.25

:lol:
 
Du veit å få sagt det! «Den store landsbyen Syvde»

Takk for tydehjelpa, må prøve å øve litt meir på den skrifta!

Det er heller ikkje rart at eg ikkje finn Hans Hansen f. 1754, når han heiter Ole.

Ja, ja. Framhald neste side … eller veke/månad/år. Skal finne far hennar før eller seinare

Svar

Gå tilbake til «Herøy i Møre og Romsdal»