Ole Elgenes og katastrofa i Vestisen påska 1917

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Sigurd Eliassen
Innlegg: 75
Registrert: 5. desember 2004 kl. 20.09
Sted: BRANDAL

Ole Elgenes og katastrofa i Vestisen påska 1917

Legg inn av Sigurd Eliassen » 17. mars 2019 kl. 22.24

Ei av dei store katastrofene i Vestisen var i 1917 då seks skuter vart sporlaust borte i ein orkan påska 1917 – 8. eller 9. april. D/S Lunheim var ei av skutene.

Eg prøver å identifisere alle som var ombord på desse skutene og finne foreldre, syskjen, ektefelle og born.

Ein av dei som kom vekk, var Ole Elgenes. Her er det eg har registrert om han:

Ole Elen/Iverson Elgenes vart fødd 12.3.1884 og døypt 20.4.1884 i Vistdal i Nesset. Han vart konfirmert 2.10.1898 i Veøy og budde då på Mittet ytre.
Familien vart registrert i folketeljinga 1.1.1891 på Sørstranden i Vistdal.

Fødsel/dåp: https://www.digitalarkivet.no/kb10051102042039
Konfirmasjon: https://www.digitalarkivet.no/kb20050413030860
FT 1891: https://www.digitalarkivet.no/census/pe ... 3052001992

Han var fangstmann i 1917 på D/S Lunheim som vart borte med alle mann i orkanen i Vestisen påska 1917 – 8. eller 9. april 1917.

Foreldre:
Iver Gunhild/Pederson Elgenes (9.6.1841 – ukjend dødsdato)
Elen Ole/Maritsdotter Buvik (19.4.1844 – 14.1.1928)

Syskjen:
Maria (2.9.1870 – ukjend dødsdato)
Peder (10.2.1873 – ukjend dødsdato)
Elen Anna (4.2.1877 – 21.12.1942)
Gunhild (21.1.1881 – 8.8.1969)
Jon (25.2.1887 – 13.5.1956)

Eg manglar følgjande og vonar at nokon med lokalkunnskap kan hjelpe meg:

1. Kvar er familien i FT 1875?
2. Kvar er Elen og eventuelt Iver i FT 1910?
3. Kvar er Ole i FT 1900 og FT 1910?
4. Dødsdatoane til Iver og borna Maria og Peder.
5. Hadde Iver og Elen fleire born?
6. Hadde Ole ektefelle og born i eller utanfor ekteskap?
7. Kjenner nokon til dødsinnføring for Ole i noko kyrkjebok. Eg har leita utan resultat.

Her er nokre lekkjer til informasjon om katastrofa:

Trondhjems Adresseavis 20de september 1917
https://www.nb.no/items/6e60518e82f79b1 ... 3eb?page=3

Trondhjems Folkeblad 22de september 1917
http://www.nb.no/items/577b631f48f76498 ... 370?page=1

Ishavsskuter av Johan Ottesen:
https://www.nb.no/items/a6983e17e8481e3 ... f6?page=64

Ishavsskutenes historie III av Odd Magnus Hansen:
http://www.nb.no/items/f73c71d7ed2bcada ... ee?page=51

Polhav: om personligheter i skruisen av Leo Oterhals
https://www.nb.no/items/6c03c24524f844c ... 3?page=168

Isflaket. Polarmagasin frå Ishavsmuseet. Nr. 1-2017:
https://www.ishavsmuseet.no/polarmagasi ... 1-2017.pdf

Nokre av dei som kom vekk i forlisa, er lista opp i kyrkjebøkene på heimstaden, men slett ikkje alle.

Eg kjenner til desse innføringane:
Ålesund: https://www.digitalarkivet.no/kb20070328650687
Hareid: https://www.digitalarkivet.no/kb10041107070180
Ulstein: https://www.digitalarkivet.no/kb20050418030689
Sande: https://www.digitalarkivet.no/kb20060523070165
Vanylven: https://www.digitalarkivet.no/kb20060127020050
Strinda: https://www.digitalarkivet.no/kb20051024030748
Stordal: https://www.digitalarkivet.no/kb20050613050282
Hjørundfjord: https://www.digitalarkivet.no/kb10051107121176
Skjerstad: https://www.digitalarkivet.no/kb10051208072153
Ørsta: https://www.digitalarkivet.no/kb20050418020707

Mange av dei som kom vekk frå Romsdal og Sunnmøre, er opplista soknvis i boka: Folk ved havet: fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal. Band III. 1983: https://www.nb.no/items/146078288a54554 ... 5?page=327

Sigurd Eliassen
Innlegg: 75
Registrert: 5. desember 2004 kl. 20.09
Sted: BRANDAL

Re: Ole Elgenes og katastrofa i Vestisen påska 1917

Legg inn av Sigurd Eliassen » 18. mars 2019 kl. 2.04

Då fann eg nettopp dødsdatoen til systera Marie Iver/Elensdotter Elgenes.
Ho er gravlagd på Hen og døydde 24.11.1946 - gift med Anton J. Holmem.

Vidare fann eg Ole Elgenes på familysearch.org i folketeljinga 1916 i Danmark. Han var då i Frederikshavn, Horns, Hjørring, Danmark. Han var "Midlertidig hærværende. Hjemsted Aalesund".

Brukeravatar
Osvald Rydjord
Innlegg: 2303
Registrert: 17. desember 2004 kl. 9.12
Sted: SANDEFJORD
Kontakt:

Re: Ole Elgenes og katastrofa i Vestisen påska 1917

Legg inn av Osvald Rydjord » 23. mars 2019 kl. 9.25

Iver i 1910 https://www.digitalarkivet.no/census/pe ... 6777001589 Bygdeboka, Nesset XI s 527 sier at da Iver døde 30.12.1929 for Ellen til Kristiansund til sønnen John, som mistet kona i spanskesyka, så Ellen er nok død der en gang etter 1929.

Jeg har litt om familien i basen min http://rydjord.slektsweb.no/individual. ... Osvald.GED

Sigurd Eliassen
Innlegg: 75
Registrert: 5. desember 2004 kl. 20.09
Sted: BRANDAL

Re: Ole Elgenes og katastrofa i Vestisen påska 1917

Legg inn av Sigurd Eliassen » 23. mars 2019 kl. 10.44

Takk for svar.

Dødsdatoen til Iver er 30.12.1928 og ikkje 30.12.1929: https://www.digitalarkivet.no/kb10051102042236

Fødselsdatoen til Elen: https://www.digitalarkivet.no/kb20070904650134

Her har eg feilaktig skrive 19.4.1844 medan det rette er 19.4.1845, så det har eg retta.

Dødsdatoen til Elen er 14.1.1928: https://www.digitalarkivet.no/kb20050413040655

Dødsdatoen til Marie: http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=5789082

Dødsdatoen til Elen Anna: http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=2986313

Dødsdatoen til Gunhild: http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=5362054

Dødsdatoen til Ole: https://www.nb.no/items/577b631f48f7649 ... 370?page=1

Dødsdatoen til John: http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=5204711

Her ser vi at Elen/Ellen er innskriva som enkje i Ålesund sjølv om ho døydde før mannen.
I dødsannonsa i Sunnmørsposten 18.1.1928 er Iver heller ikkje nemnd sjølv om han levde.

Frå Nasjonalbiblioteket: https://www.nb.no/search?q="Ellen%20Elceaæs%20"
(Pass på å kopiere heile lekkja.)

"Vår kjære mor, svigermor og bestemor
Ellen Elceaæs
døde idag på Aalesunds Gamlehjem, 79 år
gammel.
Aalesund 14. jan 1928.
På egne og øvnge lamiljes veg ne.
Gunhild Aam, Oluf Aam t. Elgenæs."

Dødsfallet til Peder manglar eg framleis, men eg får leite meir.

Då har du litt til oppdatering av databasen din.

Sigurd Eliassen
Innlegg: 75
Registrert: 5. desember 2004 kl. 20.09
Sted: BRANDAL

Re: Ole Elgenes og katastrofa i Vestisen påska 1917

Legg inn av Sigurd Eliassen » 23. mars 2019 kl. 11.12

Då fann eg Elen/Ellen i FT 1910 i Ålesund hjå dottera Gunhild: https://www.digitalarkivet.no/census/pe ... 6746014434

Her står det at ho var enkje. Kanskje dei var skilde og at det tok seg betre ut med enkje?

Men uansett kva søkjetriks eg brukar, klarer eg ikkje å finne dei i FT1875.

Brukeravatar
Osvald Rydjord
Innlegg: 2303
Registrert: 17. desember 2004 kl. 9.12
Sted: SANDEFJORD
Kontakt:

Re: Ole Elgenes og katastrofa i Vestisen påska 1917

Legg inn av Osvald Rydjord » 23. mars 2019 kl. 19.25

Takk, Sigurd, det kommer ved neste oppdatering.

I bygdeboka står det at Peder omkom på ishavet under fiske. Kanskje det er en sammenblanding med brorens skjebne, eller så delte han brorens endeligt.

Sigurd Eliassen
Innlegg: 75
Registrert: 5. desember 2004 kl. 20.09
Sted: BRANDAL

Re: Ole Elgenes og katastrofa i Vestisen påska 1917

Legg inn av Sigurd Eliassen » 23. mars 2019 kl. 20.57

Osvald skrev:I bygdeboka står det at Peder omkom på ishavet under fiske. Kanskje det er en sammenblanding med brorens skjebne, eller så delte han brorens endeligt.


Eg kan ikkje finne Peder i Bjarne Rabben: Folk ved havet: fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal. Band III. 1983: https://www.nb.no/items/146078288a54554 ... c38c5d93e5

så det kan vere ei samanblanding.

Brukeravatar
Osvald Rydjord
Innlegg: 2303
Registrert: 17. desember 2004 kl. 9.12
Sted: SANDEFJORD
Kontakt:

Re: Ole Elgenes og katastrofa i Vestisen påska 1917

Legg inn av Osvald Rydjord » 24. mars 2019 kl. 7.17

Ja, siden det var en del andre unøyaktigheter også, så er kanskje det trolig.

Svar

Gå tilbake til «Nesset»