Signe Severine var fødd 16.08.1905 i Herøy. Faren, Rasmus Johannes Jacobsen/Jakobsen (1849-1936) var frå Moltu. Mora, Anne/a Jensd (1851-1909) var frå Indre Holmedal/Skilbrei. Eg har tenkt at dei flytta til Ålesund etter at Signe vart fødd, og dåpen hennar er registrert både i Herøy og Ålesund kyrkjebøker. Dei er oppførte med bustad Ålesund i sistnevnte. Dei fekk nemleg ein son, Randolf Andreas, som er døypt i Ålesund i 1907. Han døde i 1908, også i kyrkjebøkene i Ålesund. Han hadde Rasmusen som etternamn i kyrkjebøkene. Anne/a døde i 1909. I folketeljingane for Ålesund i 1910 finn eg Rasmus åleine på listene.
No er kyrkjebøkene for Herøy og Ålesund sjekka for gravlagde og konfirmanter, men eg finn ikkje spor av Signe Severine.
Nokon som kan hjelpe meg vidare?

På førehand takk
Mvh
Heidi Goksøyr