Endre Olsson Torvik/Løvik ca. 1770 til 23.4.1843

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Per-Ståle Moltu
Innlegg: 6
Registrert: 11. desember 2004 kl. 21.58
Sted: MOLTUSTRANDA

Endre Olsson Torvik/Løvik ca. 1770 til 23.4.1843

Legg inn av Per-Ståle Moltu » 22. oktober 2018 kl. 15.55

Endre Olsson Torvik/Løvik ca. 1770 til 23.4.1843
Kvar kom han frå, og kven var foreldra hans?
I Herøyboka «Gardar og Folk» er han nemnd Endre Olson Løvik, Dalsfjord, 1765-23.4.1843. Dette stemmer dårleg med det eg kan finne i kyrkjebøker og i m.a. Busetnadssoga for Volda.
I BSS for Volda er der ingen med det namnet på siste halvdel av 1700-talet. Der er heller ingen annan som kan passe.
Eg har prøvd å leite etter han i dåpslistene for Herøy (ca. 1765-ca. 1773), men har problem med å tyde kva som står der. Kanskje nokon kan hjelpe her? Men eg finn han som konfirmant i Herøy: https://media.digitalarkivet.no/view/15 ... ?indexing= Her står at «Endre Olsen Torvig» vart konfirmert i oktober 1786. Han (Endre Olsen Taarvig) er også nemnt som fadder 26.4.1788 til Regina Maria – far Lars Taarvigen. I 1792 vart Endre Olsen Torvig gift med Ragnhild Simonsd. Lystad frå Ørsta. Ho døydde sikkert kort tid etter, for 20. okt. 1793 vart han igjen gift – no med Drude Ivarsd. Ytrebø: https://media.digitalarkivet.no/view/15944/49366/16
Drude og Endre hadde minst sju born.
I 1801-teljinga budde han i Torvika og var "huusbonde og gaardbeboer", 32 år og gift 2.gong.
2. november 1819 vart han gift for tredje gong, no med Brite Sjursd. Åmelfot, Dalsfjorden i Volda.
I alle punkta ovafor er Endre nemnd Torvik (Torvig, Taarvig) – og aldri Løvik. Sidan han vart konfirmert i Herøy i 1786, må ein gå ut frå at han var fødd rundt 1771-72.
Er då Endre frå Torvika i Herøy? Endre var eit heller uvanleg namn på Sunnmøre på den tid. Kan då foreldra hans vere Ola Hallsteinsson frå Indreflø i Ulstein (1728-1797) og Ingeborg Endresd. frå Bjåstad, Hareid? Dei budde i Torvika i Herøy og hadde borna: Kari f. 1760, Lisbet f. 1762, Hallstein f. 1765 og Henrik f. 1770. Dei er registrerte på bnr. 4 i Torvika frå 1754 til 1776.
I tilfelle er Endre Olsson kalla oppatt etter morfaren på Bjåstad.
Håper nokon kan hjelpe!

Online
Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5701
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Endre Olsson Torvik/Løvik ca. 1770 til 23.4.1843

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 22. oktober 2018 kl. 16.46

Dei eldste kyrkjebøkene (1731-66 og 1767-88) for Herøy er dataregistrerte:
https://www.digitalarkivet.no/source/15942
https://www.digitalarkivet.no/source/15943
Litt enklare å leite ...

... men det hjelper ikkje. Det er ført inn eitt einaste dåpsbarn Endre i heile denne tida i Herøy prg.;
Endre, son til Ole Nystølen døypt 1.1.1753 - og han er for gammal.

(Det er ein del openberre manglar ved kyrkjebokføringa i somme periodar, men ikkje i åra kring 1770.)

Det kan tenkjast han er innført med noko presten har oppfatta som ei anna form av namnet, t.d. "Ellen(d)" men i farta finn eg ingen kandidat.
Eit spørsmål er om det kan tenkjast at halvemål har skapt mistydingar; altså at
han er innført med ein H til eller frå: Endre -> Hendre -> Hendrik (eller omvendt).


Truloving Endre og Ragnild 1792 https://www.digitalarkivet.no/kb20070829660258 (nedst)
Vigsel same året https://www.digitalarkivet.no/kb20070829660260 (3. paret)

Har du sett etter skifte etter Ole Halsteinson/Ingeborg Endresdotter?

Det "bør" også finnast ei innførsle (tingboka/panteregister) om at Endre bygsla parten i Torvik. Etter Herøysoga var han brukar frå 1792, men føremannen flytta i 1788.

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Endre Olsson Torvik/Løvik ca. 1770 til 23.4.1843

Legg inn av gj09903 » 22. oktober 2018 kl. 19.43

Skiftet etter Peder Halstensen Indreflø i 1808 nemner mellom arvingane avdød bror Ole Halstensen, som etterlet seg sonen Endre Olsen Torvik: https://www.digitalarkivet.no/sk20090127660135

Per-Ståle Moltu
Innlegg: 6
Registrert: 11. desember 2004 kl. 21.58
Sted: MOLTUSTRANDA

Re: Endre Olsson Torvik/Løvik ca. 1770 til 23.4.1843

Legg inn av Per-Ståle Moltu » 23. oktober 2018 kl. 10.07

Tusen takk til begge to for svært greie svar og nyttig informasjon! Eg er verkeleg imponert over det de har greitt å finne fram til. Då skulle det ikkje vere tvil lenger kvar Endre kom frå og kven foreldra er. Skiftet etter farbroren Peder Halstensen Indreflø seier dette heilt klart. Tusen takk igjen!

Per-Ståle Moltu
Innlegg: 6
Registrert: 11. desember 2004 kl. 21.58
Sted: MOLTUSTRANDA

Re: Endre Olsson Torvik/Løvik ca. 1770 til 23.4.1843

Legg inn av Per-Ståle Moltu » 23. oktober 2018 kl. 11.30

Berre for å følgje tråden litt vidare: Endre Olsson var i første ekteskap g.m. Ragnhild Simonsd. frå Lystad i Ørsta. No oppdaga eg at syster til Endre, Lisbet Olsd., var gift med bror til Ragnhild, Knut Simonsson. Dei budde på Lystad og hadde minst seks born - sjå Ørstingar 1 s. 70. Hal(l)stein-namnet går att ofte: Farfar til Lisbet og Endre heitte Halstein, dei hadde ein bror med same namn og Lisbet hadde ein son som også heitte Halstein.

Svar

Gå tilbake til «Herøy i Møre og Romsdal»