Anne - Ane

Moderator: MOD_Oppland

Svar
Odd Jan Skriubakken
Innlegg: 152
Registrert: 28. desember 2004 kl. 20.22
Sted: SARPSBORG

Anne - Ane

Legg inn av Odd Jan Skriubakken » 31. januar 2015 kl. 17.23

Både Anne og Ane er kjente skriveformer attende til 1400-talet, men vart nok mye blanda saman.
I namneleksikonet til Birger Sivertsen (2003) skriv han at Anne i Trøndelag og Møre-og Romsdal vart uttalt Ane. Og da sikkert òg mye skrive Ane - vil eg tru.

I folketellingja frå 1801 er det på Fron 293 som heiter Ane, og 205 som heiter Anne. Dette skulle vel tyde på at det vart gjort eit skilje mellom dei to namna. Dei vart uttalt ulikt og skrive ulikt - eller? Er det nokon som har meir kunnskap om dette?

Søren Lemmich, prest på Fron frå våren 1805 til jula 1806, ser ut til å skrive Ane nokså konsekvent. Både presten før han og presten etter skriv Anne. Eg har fulgt ei av dei som Lemmich døyper Ane - ho vert seinare skriven Anne, både når ho konfirmerer seg, giftar seg, og får born. I folketeljinga frå 1865 heiter ho Anne, og ho døyr som Anne. Eg vil derfor tru at ho vart kalla Anne, av andre og av seg sjølv (eller Æinne, som folk sa).

Mange er nøye på at det er den skriveforma presten fører inn i kyrkjeboka som er den rette og som skal brukast når ein slektsgranskar skriv. Eg heller meir til å bruke den forma som faktisk vart nytta - i mitt høve Anne.

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Anne - Ane

Legg inn av dn03738 » 31. januar 2015 kl. 18.24

Eg kan ikkje opplyse deg om uttalen i Fron.

Det området eg kjenner best, er Sunnfjord. Der var den tradisjonelle uttalen "Ane". I skrift var det oftast "Anne", men "Ane", "Anna" og tilmed "Ana" er brukt. Heilt inn på 1900-talet er stavemåten mest avhengig av skrivaren, og éi og same jente/kvinne opptrer heilt normalt med fleire variantar. Det tyder på at det ikkje har noko å gjere med ulike namn med ulike uttalar, men eitt namn med éin uttale skrive på ulike måtar. Fram mot vår tid endrar dette seg sjølvsagt.

Det kan naturlegvis ha vore annleis andre stadar.

Variasjon for éin person tyder på at det er snakk om skriftvariasjon. Viss det derimot er konsekvent stavemåte for kvar person, og ulike stavemåtar for ulike personar, tyder det på at det er snakk om fleire namn i uttalen òg.

tk

gj12185
Innlegg: 1087
Registrert: 10. januar 2011 kl. 15.05
Sted: OSLO

Re: Anne - Ane

Legg inn av gj12185 » 1. februar 2015 kl. 3.04

Jeg vet ikke om det er relevant for distriktet ditt, men i alle søk pleier jeg å ha med en variant til, And.
Det er forøvrig interessant å søke i de gamle listene hvor man kan søke på Fornavn og Børjar på, og se alle underlige varianter av navn som kommer opp som forslag til videre søk. Det har til tider gitt meg noen aha-opplevelser som har ført til veldig kreative søk!
Med vennlig hilsen, Olaf Larsen.

Brukeravatar
Paul Johan Hals
Innlegg: 13093
Registrert: 17. oktober 2007 kl. 20.33

Re: Anne - Ane

Legg inn av Paul Johan Hals » 1. februar 2015 kl. 8.42

Vær også oppmerksom på varianten som er skrevet Ane (med strek over n'en). Dette betyr dobbel n, altså Anne. Jeg var innom den boka du indirekte refererer til, og ser at alle tre varianter forekommer i 1805 - 1806. La meg tilføye at det er minst to forskjellige handskrifter. Har ikke sjekket hvem som skrev hva. :?

Dobbel m kunne også skrives på samme måten (med strek over).

Mvh Paul

Odd Jan Skriubakken
Innlegg: 152
Registrert: 28. desember 2004 kl. 20.22
Sted: SARPSBORG

Re: Anne - Ane

Legg inn av Odd Jan Skriubakken » 1. februar 2015 kl. 11.02

Interessant - at strek over n i Ane skal lesast Anne, visste eg ikkje. Den takkar eg for!

Eg har sett betre etter, og faktisk - presten skreiv Ane med strek over n - altså Anne. Ikkje rart da, at ho seinare berre er skriven Anne.

Odd Jan

Ola Morken
Innlegg: 217
Registrert: 2. desember 2005 kl. 12.19
Sted: EYDEHAVN

Re: Anne - Ane

Legg inn av Ola Morken » 1. februar 2015 kl. 11.29

Kan uttale på dialekt si noe om forskjellen?
Anne = Æinne
Ane = Ahne
Korriger gjerne uttalen, det er lenge siden!
mvh

Odd Jan Skriubakken
Innlegg: 152
Registrert: 28. desember 2004 kl. 20.22
Sted: SARPSBORG

Re: Anne - Ane

Legg inn av Odd Jan Skriubakken » 1. februar 2015 kl. 17.59

Sidan det i teljinga frå 1801 er brukt både Ane og Anne, skulle ein tru at det speglar uttala - men ikkje heilt sikkert. Eg veit ikkje kor mange skrivarar som vart brukt på Fron i 1801, men det var nok fleire enn ein. Skreiv dei Ane, Ane med strek over n eller Anne? Det kan berre eit søk i originalane gje svar på.

I 1865-teljinga for Sør-Fron er berre Anne brukt - dvs det er ei som er skriven Ahne. Totalt for Oppland er Anne den suverent mest brukte skriveforma.

Konklusjon? - tja, nei, sei det.

Odd Jan

Svar

Gå tilbake til «Nord- og Sør-Fron»