Hei. Kjell Sigurd har eg vore på leit etter sjølv, då han gifta seg inn i mi slekt.
Han var fødd i 1922, men ikkje døpt før i 1931
No er ikkje so nye dåper tilgjengelig blandt dei scanna på nettet, so eg tar næraste omvei, eg har microfiche av eindel bøker frå Fjell, so eg drar lesaren fram frå glemselen. Fjell Klokkerbok A6:
Altso - Kjell Sigurd, fødd 17 august 1922, døpt 12 april 1931. Ikkje heimedøpt. Foreldre: Sigurd Nilsen (1892) og Konstanse f. Jonsen (1888) Knarrevik. Fadrar: Mathilde Sæle. Ruth Johannesen, Ingvald Lundetræ og Alfred Nilsen Knarrevik. Slektsnavn: Nilsen. Eg har funne, i gamle kyrkjeblad for Fjell, at han gifta seg 4 februar 1950, og fekk borna Terje 24 august 1949, Carsten, 3 sept 1951, Erling 21 aug 1958 og Marit 21 des 1959. Bygdeboka fortel at Kjell Sigurd og Målfrid busette seg i Snekkevika, bruksnr 68.
Bygdeboka fortel ellers at Sigurd Magnus Nilsen, frå Storelvdal i Hedmark gifta seg 1916 med Konstanse Johnsen frå Hammerfest.
At dei budde først i Odda, men kom til Knarrevik seinast 1919.
Bygdeboka fortel om 4 born:
Sigurd Nilsen, f. 1915 (Odda) Han drukna 1930.
Milfred Nilsen f. 1916 (Ulstein)
Odd Kasper Nilsen f. 1919
Kjell Sigurd Nilsen f. 1922 døpt 1931 (slikt går det ikkje an å finna ut av i edru tilstand

)
Når det gjeld denne Odd Kasper, og den Odd Fastberg, som er gravlagt i Askøy, har eg desse argumenta for at det må vera samme person:
Frå Knarrevik til Askøy kyrkje, Strusshavn, var det ein rimelig kort tur med båt. Til Fjekk kyrkje var der ein egentlig litt kortare båttur, etterfulgt av ein lengre tur over land.
Odd Kasper og Odd Fastberg, hadde samme navn på far, samme adresse og samme fødselsdato. Eg har funne meir info rundt Kjell Sigurd, men no er dette innlegget langt nok
Magne