Bømlo I, s. 292
"7) Endre Haldorson Gåsland, d. 1752. G. m. Marita Enevoldsdtr., d. 60 år gl. i 1763. Born: a. Karl, g. Urong. b. Anna Marie, f. 1729, g. Stølo. c. Ingvald, f. 1731, g. nora Sele. d. Haldor, f. 1736, g. Urong. e. Anna, f. 1738.
Etter segna skulle Marita vera av russisk ætt. Her i bygda vart ho kalla "Russa-Marto". Ho vart kjend med Endre på den måten at ho var kokke hjå tsaren av Russland som var i sendeferd til Kjøbenhavn samstundes som Endre var i militærteneste der. So bar det til at ho skulle ha barn med dåverande prins Carl av Danmark, og for at dette ikkje skulle koma ut, vart det kunngjort for eit norsk regiment av marinesoldatar, som då var i Kjøbenhavn, at den som ville gifta seg med jenta skulle straks verta fri tenesta og få reisa heim. Endre steig då fram og sa seg viljug. Dei vart sende oppover med eit orlogsfarty som skulle til Bergen, og vart sette iland i Øklandsvågen. Marta hadde ei stor kiste med seg med grovsmidd beslag og lås. Denne kista har vore i ætta si eige til straks før siste verdskrigen, og var kalla "Russakisto".
Det som særpregar denne segna er at mest alle som høyrer til denne ætta veit at dei er av "russaslekta" og kan fortelja segna mykje likt, medan andre utanom ætta blandar den saman med andre segner, og veit seg ikkje å vera av denne ætta.
Eit er visst: Endre var "mariner" i den tida dette skulle ha hendt. I kyrkjeboka står ikkje at dei er vigde her i bygda, og Karl er heller ikkje døpt i Gåslandskyrkja.
Det var skifte etter Endre i 1752. Medelen var ikkje stor, berre 5 rdl. I buet var 7 kyr og kviger, 2 kalvar og 4 sauer. Av "jernfang" var ei bakstehelle, 1 øks, 1 navar, 2 spajarn og nokre ljåar. Av "træfang" 2 færingsbåtar, 1 fiskesnøre utan stein, 4 strokkar, "adskillige melkekiørler af bøtter, koller, Stamper, Kiærner m.v." 1 mjølkeskåp, 1 børe "i Kaaven", 1 kiste utan lås, 4 sildegarn, 2 tønner havrekorn som var sådd om våren. Mannen sine gangklær var 1 svart og 1 kvit vadmålstrøye, 1 grå og 1 svart vadmålsbrok. Ekkja melde frå at då eldste sonen, Karl, gifte seg, hadde han fått 2 kyr i heimanfylgje, og mannen hadde "paa sit yderste" vilja at dei 3 andre borna istaden for arv skulle og få 2 kyr kvar, "og da Enken meere end gierne bifaldt saadan hendes Mands forlangende skiønt hun des aarsage liidet eller intet kand tilkomme at det overskydende naar gielden og de øvrige afkortninger er fradraget, 'begierede hun og hendes lougverge at bem.te 3 Børn maatte nyde, og som af Retten tilstodes -". Dette tyder på at tilhøvet i heimen og samlivet mellom dei hadde vore godt, og at ho har vore eit "godmenneske".
Som før nemnt brukte Endre garden saman med løremannen Endre Jonson frå 1737 til 1742 då Endre Haldorson bygsla andre helvta. Endre var brukar til han døydde. I 1743 fekk han, og mange fleire, stødnad av "den Kongel. Naadegave" 4 mark i pengar."
FT 1701:
http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/we ... 14278#ovre