Kven var foreldra til Iver Eriksen Solemdal f. ca 1757?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Kven var foreldra til Iver Eriksen Solemdal f. ca 1757?

Legg inn av dn26165 » 14. april 2014 kl. 22.09

Eg er nysgjerrig på kven som var foreldra til Iver Eriksen Solemdal, på Røbekk frå 1788.

Iver Eriksen Solemdal trulova seg med Ingeborg Larsd. Røbekk 31.08.1788 (gift 7. september same år). I kyrkjeboka var Iver ført opp med namnet ”Sollumdal”. Han var då soldat. Då han trulova seg var det opplyst at "Soldaten havde Sersionens Tilladelse, og bevis fra hr. Capt. Klingenberg, at han have bøxlet af Bolsøe Kirke Gods" ein part i garden Røbekk. (S. 15, nedst til venstre i bildet.)

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-16

I FT1801 var Iver Erichsen ført opp med alderen 45 år. Om han då var i sitt 45. år (fylt 44), kan han vere fødd ca 1757.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8424000316

Den 26.09.1773 vart det i Molde kyrkje konfirmert ein gut frå Bolsøy, Iver Erichsen Solemdal, 16 år, dvs. fødd ca 1757.

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-111

Eg legg til grunn at denne konfirmanten er den same karen som gifta seg med Ingeborg i 1788 og budde på Røbekk i 1801.

Farsnamnet til Iver kan kanskje tyde på at han var frå Solemdal, bnr. 3, Der Ne?

I ”Solemdalsboka” skriv Arnold Solemdal på s. 40 at Erik Knudsen Solemdal (A1) (ca 1720-ca 1781) var gift med Eli Steffensd. (ca. 1725-ca 1782), og at dei hadde 6 born, mellom desse ein Iver f. ca 1757. Vidare skriv han at Anne vart gardjente, og at dette tyder på at Iver og broren Steffen må ha døydd unge.

Den 22. april 1782 starta eit skifte på Solemdal etter Erik Eriksen og ”Hustroe Elie Stephensdatter” som då begge hadde gått bort. Skiftet listar først opp 7 arvingar etter mannen:

a. Erik Eriksen, myndig
b. Stephen Eriksen, myndig
c. Iver Erichsen, myndig
d. Marit Eriksd., gift med Iver Stensaaen
e. Anne Eriksd., 28 år (formyndar Iver Stensaen)
f. Synnøve Eriksd., 22 år (formyndar Ole ”Thomesen Toldaas”)
g. Beret Eriksd., 16 år (formyndar Iver Frandsgjerde)

Vidare er det opplyst at 5 av dei 7 nemnde arvingane etter mannen også var arvingar etter kona Eli Steffensd.: b, c, e, f og g. Dette kan tyde på at Erik Eriksen hadde vore gift tidlegare, og at han hadde borna Erik og Marit med ei tidlegare kone.

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24620/8/

På skiftet i 1782 er det opplyst at sønene Steffen og Iver var myndige. Dette må vel helst tilseie at dei var i live på skiftet etter foreldra? Er det den same Iver som 6 år seinare var ”udkommanderet” soldat, bygsla ein part av Røbekk og gifta seg med Ingeborg?

Kva var farsnamnet til den Erik som var gift med Eli Steffensd.? Var det Knutsen som opplyst i Solemdalsboka? Eller Eriksen som er opplyst på skiftet?

Eg vil setje stor pris innspel eller opplysningar som kan bidra til oppklaring av desse spørsmåla.
Sist redigert av dn26165 den 4. mai 2014 kl. 10.30, redigert 1 gang totalt.

Kjell Farstad
Innlegg: 1906
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Kven var foreldra til Iver Eriksen Solemdal f. ca 1757?

Legg inn av Kjell Farstad » 14. april 2014 kl. 23.22

Jeg har også den erfaringen at navnet er Erich Erichsen og ikke Erich Knudsen.
Iver kommer til Røbek, i dåpen til hans datter Mallena får vi vite at Stephen slett ikke er død ung.
Mallena Iversdatter f.10.03.1792, døpt 11.03.1792 i Bolsøy.
Faddere: Knud Steensaaen, Stephen Erichsen Solumdal, Peder ??? Elvsaas Husmand, Knud Fugelsets hustrue Beret Thomasdatter, Marit Erichsdatter Stensaae, Berit Larsdatter Aarøe.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-69

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Kven var foreldra til Iver Eriksen Solemdal f. ca 1757?

Legg inn av dn26165 » 15. april 2014 kl. 8.06

Mange takk!

Dette viser at Stephen var i live i 1792. Det kan då ikkje stemme at Anne vart gardjente fordi brørne Stephen og Iver døydde unge.

Dessutan viser skiftet etter foreldra at både Stephen og Iver levde i 1782. På skiftet fekk dei kvar ein arv på noko over 21-3-13.

At både Stephen og søstera Marit var fadrar for Mallena i 1792, kan tyde på ei eller anna tilknyting til barnefaren Iver, som også kom frå Solemdal. Denne Iver kan vel neppe vere nokon annan enn bror deira?

Kjell Farstad
Innlegg: 1906
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Kven var foreldra til Iver Eriksen Solemdal f. ca 1757?

Legg inn av Kjell Farstad » 15. april 2014 kl. 9.53

Anna finner vi på Solemdal i 1801.
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8424000719
Anna Erichsdatter f.ca.1754, konf.1772 i Bolsøy. Gift 07.07.1782 i Bolsøy med Knut Eriksen Solemdal.
Giftemålet til Anna og Knud.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-11

Stephen finner vi på Sekkenes i 1801.
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8422001130
Stephen Erichsen f.ca.1759, konf.1779 i Bolsøy. Gift 27.11.1800 i Veøy med Beret Erichsdatter Vågseter. De fikk barna:
x. Elen f.1801(FS)
x. Elen f.1802 (FS)
x. Erich f.1804 (FS)
x. Erich f.1805 (FS)
x. Erich f.1812 (FS)
Giftemålet til Stephen og Beret.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-14

I bygdebok for Vågane side 750 Vågseter, skriver Arnold Solemdal at det ikke er tilfelle at Stephen døde ung han blir derimot stamfar til en stor slekt.

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Kven var foreldra til Iver Eriksen Solemdal f. ca 1757?

Legg inn av dn26165 » 1. mai 2014 kl. 0.23

Det var fint at du tok deg tid til å lage denne oppstillinga. Eg har gått gjennom fadderlistene for dei 3 borna eg fann etter Anna og Knut, og dei 4 borna etter Stephen og Beret. (Erik f. 1804 og 1805 var same person, fødd 10.12.1804, døypt 06.01.1805.) Det går fram at det ikkje var så stor kontakt med nordsida av Fannefjorden i denne samanheng. Med eitt unntak: Ved dåpen av Erik 02.02.1812 i Veøy (f. 16.01.1812 på Vågsetra der Stephen og Beret budde frå 1802) var Ingeborg Larsdt. Røbekk ein av fadrane. Dette siste viser at det var ei tilknyting mellom familien på Røbekk og slekta frå Solemdal , slik som også dåpen av Mallena viser. Ut frå dette, og det opplyste om arvingane på skiftet i 1782, konfirmanten i 1773 m.m., kan det vel reknast som sikkert nok at Iver Eriksen, på Røbekk frå 1788, var son av Erik Eriksen (Knudsen?) og Eli Steffensdotter.

Skiftet 1782 tyder på at Erik Eriksen (Knudsen?) må ha vore gift tidlegare, og at han hadde borna Erik og Marit frå første ekteskapet. Men eg har ikkje makta å finne opplysningar om kven som var mor til desse to. Eldste dotter i siste ekteskap, Anna, var fødd ca 1754. Første kona må då ha døydd seinast 1754. Eg har leitt i skifteprotokollane, men ikkje makta å finne skifte etter henne.

Kan hende var Anna oppkalla etter første kona – noko som ikkje var uvanleg?

Kjell Farstad
Innlegg: 1906
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Kven var foreldra til Iver Eriksen Solemdal f. ca 1757?

Legg inn av Kjell Farstad » 1. mai 2014 kl. 12.59

Ja Erik har nok vært gift tidligere, det kan skiftet etter Erik og Eli si noe om.

Erich Erichsen f.171x, død ca.1782. Bosatt på Solemdal Gnr.2 Bnr3 Der Ne. Gift med ????. De fikk barna:
x. Marith Erichsdatter f.ca.174x, konf.1764 i Bolsøy. –Stensaaen
x. Erich Erichsen f.ca.174x.
Erich Erichsen f.171x gift med Eli Stephensdatter Vågseter f.ca.1725, død ca.1782. De fikk barna:
x. Anna Erichsdatter f.ca.1754, konf.1772 i Bolsøy. –Solemdal
x. Iver Erichsen f.ca.1757, konf.1773 i Bolsøy. –Røbech
x. Stephen Erichsen f.ca.1759, konf.1779 i Bolsøy. –Vågseter
x. Erich Erichsen f.1763, døpt 02.07.1763 i Bolsøy, konf.1767 i Bolsøy, død 1781, gravl.16.12.1781.
Faddere: Knud og Iver Solemdalen, Marith og Anna Solemdalen.
x. Synnev Erichsdatter f.1769, døpt 14.09.1760.
Foreldre: Erich Solemdal og Elen.
Faddere: Lars Talset, Søren Mouset, Ole Mouset, Marith Talset, Ingelev Mouset.
x. Birrith Erichsdatter f.1766, døpt 06.07.1766 i Bolsøy.
Foreldre: Erich Solemdal og Ellen.
Faddere: Iver Frandsgierdet, Lasse Rømold, Ole Toldaasen, Aleth Gierdet, Anna Brogstad.
I ekstraskattemanntallet 1762 finner vi Erich, Hustru og datteren Marith på garden Solemdalh No.89.

-------------------
Har tatt ut skiftet da det var gjengitt tidligere.
Endret 02.05.14
--------------------
Opplysning fra skiftet:
Indgield:
1. Sønnen Erich Erichsen fordrer og ???? paa hands moder arv.
2. Formynderen Thron Røsberg og Find Opdalen fordrer.....
Sist redigert av Kjell Farstad den 2. mai 2014 kl. 23.38, redigert 1 gang totalt.

Brukeravatar
Else Berit Rustad
Innlegg: 18144
Registrert: 3. november 2006 kl. 9.10

Re: Kven var foreldra til Iver Eriksen Solemdal f. ca 1757?

Legg inn av Else Berit Rustad » 1. mai 2014 kl. 13.10

Kjell skrev:Indgield:
1. Sønnen Erich Erichsen fordrer og ???? paa hands moder arv.


Udgield:
1. Sønnen Eric Ericksen fordrede resterende paa hans Moder Arv
....

Mvh
Else B.

Kjell Farstad
Innlegg: 1906
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Kven var foreldra til Iver Eriksen Solemdal f. ca 1757?

Legg inn av Kjell Farstad » 1. mai 2014 kl. 14.19

Tusen takk Else.

Kjell Farstad
Innlegg: 1906
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Kven var foreldra til Iver Eriksen Solemdal f. ca 1757?

Legg inn av Kjell Farstad » 3. mai 2014 kl. 23.26

Erling skrev:Kan hende var Anna oppkalla etter første kona – noko som ikkje var uvanleg?

Anne Andersdatter Ner Brogstad er en ganske sikker kandidat.

Romsdal sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 08, side 260b. 1754 Den 12. Junii. Anders Brogstad.
1. Peder Andersen. Myndig.
2. Kari Andersdatter. Gift.
3. Maret Andersdatter, 40 Aar. F: Peder Brogstad.
4. Anne Andersdatter død og efterlader sig tvende børn:
a.) Erich Erichsen, 5 Aar. F: Faderen.
b.) Marith Erichsdatter gl. 3 Aar. F: Peder Brogstad.
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24617/260/

Romsdal sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 08, side 673b. Anno 1759 d: 27de Junii. Pige Marit Andersdatter Brogstad.
Arvinger.
1. Broderen Peder Arnesen Brogstad.
2. Anne Andersdatter. Død og efterlader sig tvende børn.
a.) Erich Erichsen. F: Erich Solumdal.
b.) Marit Erichsdatter. F: Peder Andersen Brogstad.
3. Karren Andersdatter. Død og efterlader sig Et barn.
a.) Martha Olsdatter. F: Ole Iversen Schiersaaes.
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24617/680/

Familien på Ner Brogstad er omtalt i bygdebok for Vågane side 55.

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Kven var foreldra til Iver Eriksen Solemdal f. ca 1757?

Legg inn av dn26165 » 4. mai 2014 kl. 14.21

Kjempeflott, Kjell! Imponerande! Mange takk!

Dette dokumenterer at Anne Andersd. frå Brogstad - utan tvil - var førstekona til Erik på Solemdal Der Ne.

På skiftet i 1754 er ”Faderen” formyndar for Erich Erichsen (5 år). Synd at ikkje namnet til ”Faderen” er opplyst, eller namna på dei som var til stades på skiftet (bortsett frå dei to vurderingsmennene).

Dersom alderen til Marith Eriksd. var 3 år i 1754, stemmer det ikkje heilt med opplyst alder ved konfirmasjonen14.10.1764 (18 år, dvs. f. ca. ca 1746). Det blir her eit avvik på ca 5 år. Om Marith var fødd ca 1746, skulle ho vere ca 8 år 1754. - På det skanna bildet ser det skrivne talet ut til å vere ”3” (eller 5, men talet 5 er skrive litt annleis like ovanfor). Bak dette talet som kan vere "3", er det skrive til to bokstavar som etter mitt syn må vere ”te”. Og det stemmer ikkje med 3 – det skulle i så fall ha stått ”de” (trende). Derimot kan ”te” stemme med 8. Ut frå dette kan det vere grunn til å tru at det kan stå 8 år i originalen, men at blekket har blitt så svakt rundt nedste del av 8-talet at det på den skanna kopien kan likne på 3 (og 5). Men om det er 3, 5 eller 8 år som står i originalen, kan aldersavviket etter mitt syn likevel ikkje vere så stort at det i seg sjølv kan få verknad for konklusjonen i dette tilfelle.

På skiftet i 1759 er ”Erich Solumdal” formyndar for Erich Erichsen. Dette kan neppe vere nokon annan enn ”Faderen”.

Eg takkar med dette for god hjelp og avgjerande informasjon for løysing av dei spørsmåla som er reist i dette tema. Så langt eg kan sjå, står det att berre eitt spørsmål: Var farsnamnet til den eldste Erik i dette tema, Eriksen eller Knutsen? Kan hende vil gjennomgang av skattelister kunne gje opplysningar (dersom det ikkje står berre Erik Solemdal). Dette får bli seinare.

Kjell Farstad
Innlegg: 1906
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Kven var foreldra til Iver Eriksen Solemdal f. ca 1757?

Legg inn av Kjell Farstad » 4. mai 2014 kl. 15.45

Erling skrev: Så langt eg kan sjå, står det att berre eitt spørsmål: Var farsnamnet til den eldste Erik i dette tema, Eriksen eller Knutsen?


Jeg er av den oppfatning at Erich Erichsen kan være sønn av Marit Findsdatter Holsbø og Erich Knutsen Røsberg.

Marit Findsdatter Holsbø f.1xxx, død før 1759. Bosatt på Solemdal. Gift med Erich Knudsen Røsberg. f.1673, død 17xx. De fikk barna:
1. Knud Erichsen. –Solemdal.
2. Find Erichsen Solemdal. –Molde
3. Anne Erichsdatter f.ca.1708, død 1802. –Aspelund
4. Erich Erichsen f.171x. –Solemdal.
x. Giertrud Erichsdatter f.17xx, død 1764. –Guiorden.
x. Peder Erichsen f.1721, døpt 23.02.1721 i Cleve.
Far: Erich Knudssøn Solemdal.
Faddere: Erich Giære, Peder Holsbøen, Niels Giære, Ingeborg Røstberg, Brith Holsbøen.
x. Giertrud Erichsdatter dy. f.1724, døpt 29.04.1724 i Bolsøy. –Gujorden.
Far: Erich Sollemdal.
Faddere: Hans Solemdal, Anders Røsberg, Elen Solemdal, Barbra Giære, Marthe Solemdal.
x. Marit Erichsdatter f.17xx. –Berg.

Familien er omtalt i Solemdalsboka ytter Talset Gnr.102 Bnr.6.

I 1759 er mor og barn nevnt i skiftet etter Find Talset.
2. Moder Søsteren Marit FindsDatter død og efterlader seg 7 børn.
a. Knud Erichsen Solumdalen.
b. Find Erichsen Solumdalen.
c. Erich Erichsen Solumdalen.
d. Giertrud Erichsdatter den yngre Guiorden.
e. Giertrud Erichsdatter Gujorden.
f. Marit Erichsdatter Berg.
g. Anne Erichsdatter Aspelund.
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24617/661/

I skiftet etter Giertru Erichsdatter så er Erich Erichsen formynder for et av barna:
Romsdal sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 09, side 236a, Aar 1764, 21 ???. Giertru Erichsdatter Gujord.
Enkemannen Erich Erichsen Gudjord. Sammen aflede 7 børn:
1. Anders Erichsen 9 ½ Aar. F: Faderen
2. Erich Erichsen 8 ½ Aar. F: Ole Andersen Toldaas.
3. Erich Erichsen 7 ½ Aar. F: Ole Erichsen Berg.
4. Knud Erichsen 4 Aar. F: Lars Erichsen Talset.
5. Anne Erichsdatter 12 Aar. F: Knud Erichsen Mouset.
6. Marite Erichsdatter 11 Aar. F: Erich Erichsen Sollumdal.
7. Giertru Erichsdatter 2 Aar. F: Erich Olsen Lille Steenløs (Aspelund).
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24618/256/

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Kven var foreldra til Iver Eriksen Solemdal f. ca 1757?

Legg inn av dn26165 » 25. mai 2014 kl. 23.50

Igjen mange takk! Frå før hadde eg lite kjennskap til desse slektene, og dermed også vanskar med å finne relevant informasjon, m.a. i ymse skifte som var nødvendig å sjå i samanheng. Eg er difor svært takksam for at eg fekk så god rettleiing og hjelp.

Desse skifta nemner ei større mengde personar som tok tid å gjennomgå og plassere i slektsamanheng. Etter denne gjennomgangen kan eg ikkje sjå det annleis enn at du har god grunn til å meine at Erich Erichsen (død ca 1781) var son av Marit Findsdt. og Erich Knudsen Røsberg.

Det må etter dette vere hoppa over ein generasjon i Solemdalsboka s. 40 der person A1 er nemnt som Erik Knudsen. Person A1 (gift med Eli Stephensdt.) må vere Erik Eriksen, men far til person A1 var Erik Knudsen, kanskje fødd ca 1673 (28 år i manntalet 1701, og gift med Marit Findsdt.). (Når det på same stad er opplyst at Erik Knudsen levde frå ca 1720-ca 1781, må dette gjelde Erik Eriksen, son av Erik Knudsen.)

Det må dermed også vere samanblanda to ulike generasjonar i Solemdalsboka s. 427 der det er opplyst at Marit Findsdt. og ”ein Erik på Solemdal” hadde sonen Erik Eriksen Solemdal f. 1748 og død 1827. Erik Eriksen, son av Marit og Erik Knudsen, døydde truleg rundt 1781 (skifte 22.04.1782), og han var fødd ca 1720 etter det opplyste i Solemdalsboka s. 40 (men kanskje heller fødd mellom 1710 og 1720?). Sonesonen til Marit og Erik Knudsen (også Erik Eriksen) døydde 26.11.1827, og kan vere fødd rundt 1748/1749. (Han var 5 år på skiftet etter morfaren Anders Brogstad i 1754.)

Eit interessant funn var at namnet Find har vore i bruk i så lang tid i denne slekta. Den første kjente Find er nemnt på Holsbø mellom 1614 og 1633 (Bolsøyboka s. 726). Han hadde sonen Ole som kan vere fødd ca. 1609 (56 år i futemanntalet 1665). Faren Find må då vere fødd seinast i slutten av 1500-talet, og han var oldefar til Marit Findsdotter.

Far til Marit Findsdotter, Find Olsen Holsbø, må - etter det eg kan sjå – ha døydd på Holtsbø før 1701 då enkja etter Find hadde gifta seg med Peder Sjursen og dreiv garden. Eg legg til grunn at både Marit og søskena hennar var fødde på Holtsbø. I Solemdalsboka s. 427 er Marit ført opp med namnet Opdal. Det kan synast vere grunn til å reise spørsmål ved dette. Men kanskje var ho, før ho gifta seg med Erik Knudsen, ei tid på Opdal hjå broren Ole som er nemnt med namnet Opdal, m.a. i ministerialboka i 1721?

Kjell Farstad
Innlegg: 1906
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Kven var foreldra til Iver Eriksen Solemdal f. ca 1757?

Legg inn av Kjell Farstad » 26. mai 2014 kl. 21.22

Erich Knudsen Røsberg f.1673 kan da være en av tre søsken på Røsberg.
x. Erich Knudsen f.ca.1673. –Solemdal
x. Nils Knudsen f.ca.1677. –Solemdalsgiære
x. Anders Knudsen f.ca.1687. –Røsberg

Ft1701 på Røsberg.
http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/38458/105/

Anders Knudsen Røsberg sin kone Ingeborg kan da være den Ingeborg som er nevnt i skiftet etter Claus Jørgensen Kamp den 14. Juli 1749
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24629/8/

Anders Knudsen f.ca.1687, død ca.1742. Gift med Ingeborg Lassesdatter f.ca.1695, død 1754. Barna:
x. Knud Andersen Røsberg f.ca.1719, død ca.1752. –Solemdal
Skifte 25. mai 1752, side 117b.
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24617/118/
x. Giertrud Andersdatter f.1727, døpt 11.05.1727 i Cleve, død 1797. –Røsberg
Far: Anders Røsberg.
Faddere: Anna Næss, Iver Stochis Qde, Ingeborg Lien, Erich Solemdal, Niels Giære.

Romsdal sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 07, side 162a. Aar 1742 dend 13de Juni. Anders Røsberg. Enken Ingebor Lassesdatter.
1. Knud Andersen. C: Knud Solemdal.
2. Giertrud Andersdatter. F: Knud Solemdalen
Laugverge for enken Niels Gieres.
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24616/178/

Romsdal sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 08, side 256b. 1754 den 8. Junii. Ingeborg Lassesdatter Røsberg.
Hendes barn.
1. Giertrud Andersdatter. Gift.
2. Knud Andersen. Død og efterladt sig 1 datter Ragnild Knudsdatter gl.5 Aar. F: Knud Solemdalen.
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24617/256/

I legdsrulle for Fannottingske kompani 1748 finner vi i Lægd nr.9, 13 og 14, Knud Andersen Røsberg 29 år gammel. (Tore Kristiansen, Kristiansund)

Svar

Gå tilbake til «Molde»