Legg inn
av 60496 » 8. desember 2013 kl. 11.43
Hei Annette Skaarstad,
Arne Aage Valen frå Valevåg har laga eit slektshefte, - "Folket fra Bømlo", der ein stor del av etterslekta til Jakob Carlson Sternberg er omtalt. Elles er eg svært forviten på kvifor du interesserer deg for denne karen, - han er i direkte mannslina til morfar min, - ei mannsline som eg har fått DNA testa. For dei innvigde er han ein R1b, som den største gruppa av vesteuropeiske menn. I Noreg er I1 den største gruppa og utgjer vel 30%. (Her vest er det likevel R1b som er den største gruppa.) Nå det gjeld DNA testen for Jakob og Carl, får eg eit treff, - på ein Flemming Madsen som budde i Risør (fødselsår ukjent). Eg har og fått opplyst at denne Flemming Madsen truleg er dansk, og at han er omtala i ei lokalhistorisk bok frå Risør, utan at eg har funne han. Jakob og Carl og denne Flemming er truleg tett i slekt. Eg finn også Sternberg eller Starenberg som Carl også skreiv seg som, heilt syd på Jylland eller over grensa til Tyskland.
Som far til Carl Fredrich Sternberg har Valen oppgitt ein Bastian f. 1668. Eg har snakka med Valen om dette, og han meinte då dette hadde vore diskutert i ein artikkel i det lokalhistoriske tidskriftet "Sunnhordland", utan at eg har kunna stadfesta dette enno.
Det er elles fleire «Se og Hør» liknande historier om både Carl og Jakob, men dette kan eg skrive meir om til deg i ein e-post…