Johannes Olson Torske

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Tor Helge Gravem
Innlegg: 24
Registrert: 6. januar 2005 kl. 9.50
Sted: GRØA

Johannes Olson Torske

Legg inn av Tor Helge Gravem » 23. mars 2013 kl. 15.15

Etter kontakt frå eit barnabarn av vedkommande søker eg etter opplysningar etter Johannes Olson Torske. Han var fødd 29.1. 1881 og død 1.7.1961 i Stavanger. Det er opplyst at han er fødd i Sunndal, men han finst ikkje i kyrkjebok her (klokkarbok Sunndal/Hov 1866-1931). Han skal ha flytta tidleg til Kristiansund, men han er ikkje å finne i dei registra eg har leita i for Kristiansund (kyrkjebøker og folketeljingar). Han var sjømann som ung og mønstra av i 1912 i Santa Fe, Texas. Flytta seinare til Stavanger der han m.a. jobba ved Gassverket til han vart pensjonist. Det er fleire familiar Torske i Kristiansund på aktuell tid, men ingen utpeikar seg. Det blir hevda at han skulle ha hatt ein bror, Georg, som utvandra til USA, men dette er usikkert. Det blir og hevda at han hadde ein onkel, Tore, som var lærar, noko som stemmer dårleg med mine opplysningar. Tore hadde ingen heilsøsken og etter det eg kjenner til berre ein halvbror, Knut, dei budde forøvrig begge i Kristiansund. Interessert i alle opplysningar om mannen og familien.

dn24337
Innlegg: 1569
Registrert: 7. november 2009 kl. 12.55
Sted: RANDABERG

Re: Johannes Olson Torske

Legg inn av dn24337 » 23. mars 2013 kl. 15.32

Hei Tor Helge. :)

Let i Gule Sider,Stavanger.....jeg kjenner til navnet Torske... :idea:
Mvh. Annette

Tor Helge Gravem
Innlegg: 24
Registrert: 6. januar 2005 kl. 9.50
Sted: GRØA

Re: Johannes Olson Torske

Legg inn av Tor Helge Gravem » 23. mars 2013 kl. 15.40

Etterkommarane i Stavanger er godt dokumentert etter det eg kan sjå, men opphavet i Kristiansund/Sunndal er uklart.

Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Johannes Olson Torske

Legg inn av Knut Sæther » 23. mars 2013 kl. 19.26

Hei - eg har notert at faren til denne Johannes var ein enkjemann, Ole Olsson, og at mora var Randi Olsdotter Skjølberg. Eg kom ein gong tilfeldigvis over dåpen hans i Edøy i samband med ei anna sak. Her er dåpen (nr. 2):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Edøy i Edøy, Ministerialbok nr. 581A09 (1880-1919), Fødte og døpte 1880, side 5.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-9

Han vart konfirmert i 1896 (nr. 13):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Edøy i Edøy, Ministerialbok nr. 581A09 (1880-1919), Konfirmerte 1896-1897, side 170.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-129

Tek i same slengen med lenkje til vigselen hans i Kristiansund i 1902. Det er her faren er kalla Torske:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund i Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A17 (1880-1905), Ekteviede 1902, side 115.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-118

Eg har prøvd å finne avstamminga til denne Ole Olsson Torske, men utan å lykkast så langt.

Helsing Knut.

Tor Helge Gravem
Innlegg: 24
Registrert: 6. januar 2005 kl. 9.50
Sted: GRØA

Re: Johannes Olson Torske

Legg inn av Tor Helge Gravem » 23. mars 2013 kl. 22.10

Klarer i farten å finne tre Ole Olsen Torske i det mest aktuelle tidsromet, det er ein frå plassen Enghjelltrøa f. 1843 men han var på denne tida gift og busett med familie i Kristiansund. Dei to andre er brør frå Torskehjellen og f. hhv. i 1832 og 1838, den første har eg ingen opplysningar om (kanskje død tidleg), den andre skal i følgje Sunndalsboka ha flytta til Skien i 1865, finn ikkje meir om han der.

Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Johannes Olson Torske

Legg inn av Knut Sæther » 23. mars 2013 kl. 23.05

Etter alt å dømme er det Ole f. 1832 frå Torskehjellen som i 1858 blir gift i Kristiansund med Juditta Toresdotter:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A09 (1855-1865), Ekteviede 1858, side 17.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-259

Som far er iallfall oppført Ole Jonsson Torskehjellen, og den oppgjevne alderen til brudgommen passar bra. Her er familien i 1865:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =4277#ovre

Her stemmer ikkje alderen godt med fødselsåret 1832, men kan vere feiltyda ved digitaliseringa.

I 1875 budde Ole og Juditta framleis i Kristiansund:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ft ... 051&lnr=00

Her er fødselsåret til mannen oppgjeve til 1839, men det kan ikkje vere rett så sant han var frå Torskehjellen.

Etter dette har eg ikkje funne sikre spor etter desse to. Eg får ikkje treff når eg søkjer etter Juditta i FT 1885 for Kristiansund, og heller ikkje Ole har kan eg sjå er registrert i teljinga. Tanken har derfor streifa meg om Juditta kan ha døydd i mellomtida (før 1881). Men eg har ikkje funne ho død i Kristiansund, trass i ein del leiting. Med brannskadde kyrkjebøker kan registreringa rett nok ha gått tapt.

Det kunne vore interessant om nokon hadde fleire opplysningar om desse personane.

Helsing Knut.

Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Johannes Olson Torske

Legg inn av Knut Sæther » 23. mars 2013 kl. 23.26

Denne husmannssonen Ole Olsson Torske som er registrert utflytta frå Sunndal til Kristiansund i 1857, 25 år gammal, må vi vel rekne med var han frå Torskehjellen (nr. 2):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A05 (1847-1877), Inn- og utflyttede 1857, side 390.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-405

Knut.

Tor Helge Gravem
Innlegg: 24
Registrert: 6. januar 2005 kl. 9.50
Sted: GRØA

Re: Johannes Olson Torske

Legg inn av Tor Helge Gravem » 24. mars 2013 kl. 9.14

Takk Knut! Det fører oss i alle fall eit steg nærare med ein aktuell/interessant teori i det siste du skriv. Sluttar meg til at det hadde vore interessant å vite meir om denne/desse familien(e).

Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Johannes Olson Torske

Legg inn av Knut Sæther » 24. mars 2013 kl. 23.38

Da fann eg likevel dødsfallet til Juditta Toresdotter Torske i kyrkjeboka. Det viser seg at ho døydde 2. juni i 1876 (sjå nest øvste innførselen):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A11 (1865-1876), Døde og begravede 1876, side 104.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-108

Dette styrkar hypotesen om at det var den gjenlevande ektefellen Ole Olsson som var far til Johannes. Men enno manglar beviset.

Knut.

Tor Helge Gravem
Innlegg: 24
Registrert: 6. januar 2005 kl. 9.50
Sted: GRØA

Re: Johannes Olson Torske

Legg inn av Tor Helge Gravem » 26. mars 2013 kl. 9.02

Enig i at vi no har ein ganske sterk hypotese. Vanskeleg med så vanleg namn (Ole Olsen), men når vi i tillegg har dokumentasjon på at han i 1881 verkeleg var enkjemann, så verkar dette tilforlateleg. Men det er ikkje fleire spor etter mannen etter folketeljinga i 1875 om ein ser bort frå giftemålet til Johannes i 1902, og der går det ikkje fram om eller kvar han lever da. Så det neste blir kanskje dna-analyse om det finst ettekommarar etter Ole frå ekteskapet.

Tor Helge Gravem
Innlegg: 24
Registrert: 6. januar 2005 kl. 9.50
Sted: GRØA

Re: Johannes Olson Torske

Legg inn av Tor Helge Gravem » 26. mars 2013 kl. 9.03

Ellers må eg takke Knut for god hjelp framover i dette puslespelet!

Tor Helge Gravem
Innlegg: 24
Registrert: 6. januar 2005 kl. 9.50
Sted: GRØA

Re: Johannes Olson Torske

Legg inn av Tor Helge Gravem » 4. april 2013 kl. 11.35

Legg no ut dette under Smøla for å finne meir om mora der.

Svar

Gå tilbake til «Kristiansund»