Kvar vart det av Lars Torsteinsen, f. 1874 på Seim?

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Kvar vart det av Lars Torsteinsen, f. 1874 på Seim?

Legg inn av dn26165 » 13. januar 2013 kl. 16.10

Lars Torsteinsen var fødd 14.02.1874 på Seim, av foreldre Torstein Larsen og Martha Oleivsd. (dåp nr. 46 i 1874)


I FT1875 finn me han på Seim, saman med foreldre og to eldre søsken.

I FT1900 er Lars registrert som losjerande med eige hushald på Lekve, og med namnet ”Lars T. Dolve”. Han var då "Snedker", og var for tida på Dolve.

Faren, Torstein Larsen (f. 1832 på Skjelde), hadde i 1881 kjøpt bnr. 11 under Dolve. (Kjelde: Vossaboki, Gardssoga 1 s. 174-175.) På Dolve er Lars Torsteinsen i FT1900 ført opp i husstanden til foreldra, med yrket ” Snedkersvend”.

Etter 1900 har eg ikkje funne noko om Lars Torsteinsen. Eg har ikkje makta å finne han i FT1910, og heller ikkje som død på Voss, eller som emigrert (frå Bergen 1874-1930). Kan hende flytta han til ein annan stad her i landet?

Om nokon skulle ha kjennskap til eitt eller anna om Lars Torsteinsen (Dolve) i tida etter 1900, vil eg vere takksam for å få dette opplyst.

dn23584
Innlegg: 420
Registrert: 28. februar 2009 kl. 10.03
Sted: SARPSBORG

Re: Kvar vart det av Lars Torsteinsen, f. 1874 på Seim?

Legg inn av dn23584 » 13. januar 2013 kl. 17.48

Hei !

Kan dette være " din " Lars ?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 6680008595

Denne Lars Torsteinssen dør 28.10.1917 Voss. (digitalarkivet : døde i Voss )

Hilsen Mona

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Kvar vart det av Lars Torsteinsen, f. 1874 på Seim?

Legg inn av dn26165 » 13. januar 2013 kl. 18.34

Takk for svar!

Dette ser ut til å måtte vere ein annan Lars Torsteinsen, f. 14.09.1874, av foreldre ungkar Thorstein Larsen Gjerald og pige Anna Davidsd. Tveit (.dåp nr. 153 for 1874).


I Vossaboki, Gardssoga 3 s. 346, er han under Nedre Rong, bnr. 1, omtala som Lars Torsteinson Jerald.

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Kvar vart det av Lars Torsteinsen, f. 1874 på Seim?

Legg inn av dn26165 » 15. januar 2013 kl. 11.11

Ikkje skjønar eg kva søkjekriterier eg brukte då eg leitte etter Lars Torsteinsen mellom utvandrarar frå Bergen. :shock:

I dag hadde eg i alle fall ikkje det minste problem med å finne ein som ser ut til å måtte vere den etterlyste Lars Torsteinsen, utvandra over Bergen 13. mars 1902.

Hans vidare lagnad ser etter dette ut til å måtte finnast "over dammen".
Sist redigert av dn26165 den 17. januar 2013 kl. 13.28, redigert 1 gang totalt.

Vigdis Jøsang
Innlegg: 4210
Registrert: 2. mai 2009 kl. 2.32
Sted: HAUGESUND

Re: Kvar vart det av Lars Torsteinsen, f. 1874 på Seim?

Legg inn av Vigdis Jøsang » 15. januar 2013 kl. 19.10

Hei

Han ankommer New York den 27. mars 1902 med skipet Oceanic.


New York, Passenger Lists, 1820-1957
about Lars Saim
Name: Lars Saim
Arrival Date: 27 Mar 1902
Birth Date: abt 1874
Age: 28
Gender: Male
Ethnicity/ Nationality: Norwegian
Port of Departure: Liverpool, England
Port of Arrival: New York, New York
Ship Name: Oceanic

Han er "Joiner" (snekker/tømrer) og skal til St. Paul i Minnesota. Det ser ut som at han reiser sammen med Anders Bøe (står over Lars i emigrasjonen) som skal til samme sted. Anders skal til sin bror Eric Bøe, og det står "No" på om Lars Seim skal besøke slektninger.

Mvh
Vigdis
Sist redigert av Vigdis Jøsang den 15. januar 2013 kl. 20.00, redigert 1 gang totalt.

Vigdis Jøsang
Innlegg: 4210
Registrert: 2. mai 2009 kl. 2.32
Sted: HAUGESUND

Re: Kvar vart det av Lars Torsteinsen, f. 1874 på Seim?

Legg inn av Vigdis Jøsang » 15. januar 2013 kl. 19.39

Hei igjen

Kanskje du også skulle sjekke om noen av de som heter Lars Seim som er begravet på Voss eller andre steder kan være din Lars. Jeg finner to som er begravet på Voss:

402548 Lars Seim 1949 1949 M 04 8 Voss Voss
402842 Lars Th Seim 1951 1951 M 10 22 Voss Voss

Fødselsår er ikke oppgitt, kun dødsår.

Mvh
Vigdis

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Kvar vart det av Lars Torsteinsen, f. 1874 på Seim?

Legg inn av dn26165 » 17. januar 2013 kl. 10.11

Mange takk!!

Eg har no sett på den originale skipslista. Slik eg ser det, står det tydeleg "Seim Lars" på nr. 25 i lista. (Ellis Island har tolka namnet feil ved at dei har skrive namnet "Lars Seine" og difor gjort det vanskelegare å finne han. Eg har meldt frå til Ellis Island at korrekt etternamn er Seim. Så får framtida vise om det vert retta.) At han var 28 år og "joiner", er i samsvar med m.a. FT1900. Eg trur ikkje det kan vere tvil om at dette er rette personen.

Også takk for opplysningane i siste innlegget ditt. Eg har tidlegare gått gjennom listene over gravlagde på Voss, men det synest vere grunn til ny kontroll også her, i tillegg til gjennomgang av m.a. folketeljingar i USA.

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Kvar vart det av Lars Torsteinsen, f. 1874 på Seim?

Legg inn av dn26165 » 18. januar 2013 kl. 18.09

Eg har no har kontrollert dei to nemnte Lars Seim som døydde i Voss i 1949 og 1951. Ingen av dei ser ut til å kunne vere identisk med den etterlyste Lars Torsteinsen (Seim/Dolva).

Databasen "Døde i Voss 1890-1961" har desse opplysningane om dei to nemnte Lars Seim:

Lars Seim gravlagt 1949 var fødd 04.06.1871 (tidlegare skiferarbeidar), med farsnamn Torgrimson.

Lars Seim gravlagt 1951 hadde farsnamnet Torbjørnson, pensjonert fyrbøtar, og fødd 13.11.1886.

Lars (Torgrimson) Seim (1871-1949) var etter FT1900 fødd i Granvin. Kyrkjeboka viser fødselsdato 11.06.1871 (dåp nr. 56), og far Torgrim Mikkelsen Seim.

Lars (Torbjørnson) Seim (1886-1951) var skomakarsvein i FT1910.

Svar

Gå tilbake til «Voss»