Sorenskrivargarden på Volden i Førde

Moderatorer: MOD_Slektsfaglig, MOD_Kildereg

Svar
Magne Kvalstad
Innlegg: 115
Registrert: 8. januar 2010 kl. 10.17
Sted: FØRDE

Sorenskrivargarden på Volden i Førde

Legg inn av Magne Kvalstad » 26. desember 2012 kl. 23.23

Mads Matias Karlson Hafstad Vie, var barnefødd 20. mars 1884 på Volden (ved Tåene) i Førde. Han var eldste son av Karl Andreas Madson Hafstad og Anna Johanne E. Kristiansdotter. Karl Hafstad styrde (pakta) ein av embetsgardane (sorenskrivargarden) sentralt i Førde.
Spørsmål 1: Kan det finnast noko som fortel meg meir om dette?
Spørsmål 2: Korleis finn eg ut når dei flytta til Volden?
Spørsmål 3: Når nokon paktar ein slik gard, blir det ikkje då skreve nokon avtale og kvar kan eg finne noko om det?
Det var i 1894 at far til Mads, på ein auksjon kjøpte garden inne på Via. Dette var garden som Mads 19 år seinare fekk tilbud om å overta. Då hadde han stifta familie og var blitt 29 år gammal.
Spørsmål 4: Når ein gard vart kjøpt på ein slik måte, vart ikkje dette tinglyst, og kvar kan eg finne ut meir?

Brukeravatar
Paul Johan Hals
Innlegg: 13093
Registrert: 17. oktober 2007 kl. 20.33

Re: Sorenskrivargarden på Volden i Førde

Legg inn av Paul Johan Hals » 26. desember 2012 kl. 23.46

Kanskje her?

http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?r ... &idx_farm=

Med julehilsen fra Paul

Magne Kvalstad
Innlegg: 115
Registrert: 8. januar 2010 kl. 10.17
Sted: FØRDE

Re: Sorenskrivargarden på Volden i Førde

Legg inn av Magne Kvalstad » 26. desember 2012 kl. 23.54

Hei takk.
Har pløgd dette fleire gonger, er ikkje sikkert at det finnes noko svar på mine spørsmål

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5700
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Sorenskrivargarden på Volden i Førde

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 27. desember 2012 kl. 0.24

spm. 2: dersom dei flytta inn frå eit anna prestegjeld, skal det stå i innflyttarlista i kyrkjeboka; dersom dei flytta innagjelds, vert det vanskelegare

spm.4: Dette skal vere tinglyst. Vie har gnr. 43 i Førde (1886-matrikkelen); og så er det enklast om du kan finne bruksnummeret. I realregisteret er det ei side for kvart bruk. Der skal det vere ført inn eit notat for kvart tinglyst dokument, med tilvising til bind og side/ark i panteboka der heile dokumentet er skrive av.
Registeret for Vie byrjar her: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?i ... _side=-229
så må du berre bla attover til du finn rett bruksnr. (dersom du veit bruksnr.) - eller til du finn bruket der det er ført inn skjøte til Karl i 1894.

Magne Kvalstad
Innlegg: 115
Registrert: 8. januar 2010 kl. 10.17
Sted: FØRDE

Re: Sorenskrivargarden på Volden i Førde

Legg inn av Magne Kvalstad » 27. desember 2012 kl. 0.47

Det du skriv om innflyttarliste frå andre prestegjeld var interessant. Det var eg ikkje klar over. Kan være ein viktig plass å leite i monge samanhenger.

Vie trur eg eg skal klare men å finne tinglysningane omkring auksjonen. Og kor tid det heile starta nere på Vollen. Der er meg ei gåte

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5700
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Sorenskrivargarden på Volden i Førde

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 27. desember 2012 kl. 2.32

Bruksnummeret finn du t.d.ved å søkje opp Karl m.fam i FT1900: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =218#nedre

Altså bnr. 19. Då blar du til bnr. 19 i panteregisteret: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?i ... _side=-247

Om lag midt nede på sida står det "Auktionsskjøde til Karl Madsen Hafstad..... thl 2. august 1890", med tilvising til Pantebok nr. 25, side 296

Magne Kvalstad
Innlegg: 115
Registrert: 8. januar 2010 kl. 10.17
Sted: FØRDE

Re: Sorenskrivargarden på Volden i Førde

Legg inn av Magne Kvalstad » 27. desember 2012 kl. 8.52

Hei tusen takk til deg. Men korleis finn eg ut kortid han starta å drive sorenskrivargarden på Volden?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5700
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Sorenskrivargarden på Volden i Førde

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 27. desember 2012 kl. 10.27

Då må du først sjå etter om det er tinglyst paktarkontrakt.
Du må finne bruket på Volden i Panteregisteret slik eg fann bruket på Vie.

Svar

Gå tilbake til «Kilder og metode»