Schiøller/Skjøler m.m. frå Kristiansund?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Schiøller/Skjøler m.m. frå Kristiansund?

Legg inn av dn26165 » 24. oktober 2012 kl. 16.46

Maria Elisabeth ”Skiøler” gifta seg i Bud, først 06.09.1798 med Tore Jensen Vigen. Som enke gifta ho seg opp att nyårsdagen 1802 med Ole Størkersen Hauen.

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-151

I FT1801 er ho ført opp med farsnamnet ”Adamsdtr.”, og 38 år gammal. (I så fall fødd ca. 1763.)

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... k=176#ovre

På skiftet etter Maria Elisabeth 31.10.1814 får vi vite at ho var ei Abrahamsdotter, og at ho hadde ei søster Lovise Abrahamsd. ”Skjøler”, 34 år gammal. (Gjestgjevar Hans P. Male i Bud var formyndar for Lovise.)

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24623/132/

Eg har blitt noko nysgjerrig på kven desse to søstrene og foreldra deira var. Lovise Abrahamsd./Adamsdt. har eg ikkje funne i FT1801. Men eg finn ei Lovise Schieler, 20 år gammal, tenestejente på Kirklandet 59 i Kristiansund.

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCen ... 79158#ovre

Kan dette vere søstera til Maria Elisabeth ”Skiøler”? (Alderen 20 år i 1801 høver i alle fall slik noko lunde med opplyst alder 34 år på skiftet i 1814.) Og i så fall: Kan desse søstrene (og faren Adam/Abraham) vere frå Kristiansund?

Kjell Farstad
Innlegg: 1906
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Schiøller/Skjøler m.m. frå Kristiansund?

Legg inn av Kjell Farstad » 24. oktober 2012 kl. 18.34

I følge FS så har Adam Schøller disse barna:
Jacob Haggdorni døpt 8. desember 1765 i Edøy.
Olle døpt 2. juli 1767 i Edøy, død 2. august 1767.
Maria Elisabeth døpt 17. juli 1768 i Edøy.

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Schiøller/Skjøler m.m. frå Kristiansund?

Legg inn av dn26165 » 24. oktober 2012 kl. 19.49

Takk! Dette må vere den rette familien.

Eg fann no at denne familien er omtala i fleire debattar på Digitalarkivet, m.a. i denne debatten der eg særleg viser til innlegg nr. 5 og 6 (Kjell Fredly):

http://forum.arkivverket.no/topic/12805 ... dam%20+schøller#entry1051687

Svar

Gå tilbake til «Kristiansund»