Ifylge Sulasoga si avskrift av vigselsoppslaget i kyrkjeboka kom ho frå Hierdal:
http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/we ... k=298#ovre
Når eg sjølv ser på klokkarboka ser eg ikkje noko galt med avskrifta:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-143
Derimot klarer eg ikkje å finna nokon annan referanse til garden Hierdal nokon plass på Møre. Veit nokon kva gard det kan vera tale om? Eller kreative forslag? Er det rimeleg å lesa «Aurdal» frå kyrkjeboka?
Dersom det er Aurdal, finn me Pernille i FT1801 her
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =1161#ovre
Alderen her stemmer med gravferdsoppslaget i kyrkjeboka, men ikkje med vigselsoppslaget.
Sulasoga (bandet for Vågnes) skriv at ho kom frå Ørskog, men eg veit ikkje kva kjelde det er bygd på. (Ja, kanskje eg burde ha posta på Ørskog-gruppa i staden.

Er det nokon som veit noko meir? Om henne eller om garden?
Er det rimeleg å tru at eg har funne rett Pernille i FT1801?
:-- Hans Georg