Kvar er staden "Nautadhals"?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
gj15561
Innlegg: 41
Registrert: 15. januar 2012 kl. 13.38
Sted: Fosnavåg

Kvar er staden "Nautadhals"?

Legg inn av gj15561 » 6. februar 2012 kl. 20.56

Hei.

Eg forsøker å lokalisere ein plass eller gard ved namn "Nautadhals" i Aukra kommune, mest trulig på Gossen, og i nærleiken av Riksfjord. Eg har funne dette namnet brukt ved tre ulike tilfeller.

Det fyrste tilfellet er nemnt under innflytta til Ålesund der Anders Andersen f. 1836 brukar dette gardsnamnet. (Sjå nummer 49)

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Ålesund, Ministerialbok nr. 529A02
(1864-1871), Inn- og utflyttede 1864-1865, side 162.
Permanent sidelenke:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-155

Anders Andersen flytta frå Aukra i 1863 med innføring i kyrkjeboka i 1864. Då brukte han gardsnamnet "Hukkelberg", ein gard eg finn att ganske enkelt på Gossen.

Det andre tilfellet eg finn namnet brukt er då mor til Anders, enkja Johanna Johansdtr. også flyttar ut frå Aukra og reiser til Ålesund i 1866. (sjå utflytta 1866 nummer 6)
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Aukra i Aukra, Ministerialbok nr. 560A03 (1845-1872), Inn- og utflyttede 1866, notat- og visitassider m.m. 0, side 294.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-266

Namnet er gjenteke i oppføringa for innflytte til Ålesund (Innføring 1867 nummer 17)
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Ålesund, Ministerialbok nr. 529A02 (1864-1871), Inn- og utflyttede 1866-1871, side 171.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-165

Er dette ein stad det går an å lokalisere?

Mvh
Morten Sylte

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Kvar er staden "Nautadhals"?

Legg inn av gj09903 » 6. februar 2012 kl. 21.15

Hei!

Det står nok Nautneshals/Nautnæshals.

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Kvar er staden "Nautadhals"?

Legg inn av gj09903 » 6. februar 2012 kl. 21.46

Ved folketellinga i 1865 er brukaren av "Nautnæshals" nemnd som "Husmand under Rixfjord": http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... k=257#ovre

gj15561
Innlegg: 41
Registrert: 15. januar 2012 kl. 13.38
Sted: Fosnavåg

Re: Kvar er staden "Nautadhals"?

Legg inn av gj15561 » 6. februar 2012 kl. 22.39

Inge skrev:Ved folketellinga i 1865 er brukaren av "Nautnæshals" nemnd som "Husmand under Rixfjord": http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... k=257#ovre


Du har løyst gåten for meg. Takk skal du ha :)

Mvh
Morten

Svar

Gå tilbake til «Aukra»