På sida der du finn skanna kyrkjebøker,
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read ,
er det ei lenkje til "Soknehistorikk" nede til venstre.
Då kjem du til ei nyttig side:
http://www.arkivverket.no/arkivverket/T ... ehistorikk
Der kan du velje fylke (t.d. Vestfold) i menyen, og så søkje (vjha. nettlesaren din) i den sida som kjem opp då - t.d. etter Brunlanes. Då vil du sjå om prestegjeldet du er interessert i er skilt ut frå eit anna (og deler bøker med dette). Du kan også sjå kva tidsrom kvart bind av kyrkjeboka dekkjer.
I tilfellet Brunlanes er det ikkje skilt ut frå noko anna prestegjeld, og den eldste kyrkjeboka (som er teken vare på) byrjar i 1766.