Monseigneur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal
Monseigneur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
I Boe Annex Kirke Stoel frå primo mai 1700 er det opplyst at ”Monsr. Lodvig Ifversen” var ”kierchewergen”.
Denne Ludvig har eg ikkje funne omtala i andre samanhengar. Er det nokon som har opplysningar om kven han var?

Sist redigert av dn26165 den 12. september 2011 kl. 9.53, redigert 1 gang totalt.
Re: Monsieur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
Eg maktar ikkje å finne Ludvig Iversen i manntalet 1701 for Bud. Så langt har eg heller ikkje funne han nemnt i dei listene over skattytarar som futen offentleggjorde på tinget for Vågøy dei næraste åra rundt 1700. Han budde kanskje i eit anna sokn enn Bud?
Re: Monsieur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
Eg oppdaga no eit bygselbrev tinglyst på vårtinget for Vågøy otting 14 januar 1704. Det går fram at ein Ludvig Iversen gav bygselsetel til Ingebret (Gundersøn ?) på 2 pund 6 mrk fiskesleie i ”dend Gaard Røset, Waagøe Kirche tilhørende”, og som Knut Jensen hadde brukt tidlegare. Bygselbrevet er datert 18. april 1703. Stadnamnet må eg få hjelp til å tyde. (Det ser for meg ut til å ende på ”..pperholmen”.)
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/28691/91/
Dokumentet er teke inn på nederste halvdel av folio 90a.
Då denne Ludvig Iversen skreiv under bygselbrev for grunn tilhøyrande Vågøy kyrkje, må han vel ha vore kyrkjeverje?
Var dette den same mannen? Var han kyrkjeverje både for Bud og Vågøy?

- Else Berit Rustad
- Innlegg: 18144
- Registrert: 3. november 2006 kl. 9.10
Re: Monsieur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
Erling skrev:Det går fram at ein Ludvig Iversen gav bygselsetel til Ingebret (Gundersøn ?)
Jeg leser navnet hans som Ingebret Knudssøn.
Første bokstaven i stedsnavnet kan ligne på en K, men det gir jo ingen mening dersom de to neste bokstavene er pp... Var inne på tanken om det kunne stå Kipperholmen, men jeg er helt "blank" når det gjelder stedsnavn i M&R.
Mvh
Else B.
-
- Innlegg: 1906
- Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
- Sted: SKÅLA
Re: Monsieur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
Den sydlige delen av moloen i Bud er bygd ut fra Nørdre Kipperholmen. Søre Kipperholmen ligger like ved. Det er vel ikke utenkelig at det har bodd folk på disse holmene.
-
- Innlegg: 1026
- Registrert: 3. desember 2004 kl. 3.29
- Kontakt:
Re: Monsieur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
Ludvig Iversen Munthe budde vel ei tid på Flovikholm i Veøy. Kan det være Kopperholmen det står? Han arva vel 50-60 gårder etter mora, men om han eigde Røset veit eg ikkje. Så det er eit skot i blinde 

Re: Monsieur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
Her har det skjedd litt av kvart sidan sist eg var inne her i går kveld. Takk til alle!
Det er kjempefint at Else B. så raskt kunne hjelpe å tyde skrifta. No maktar til og med eg å sjå at den nye bygselmannen var ein Knudssøn.
Stadnamnet som eg trudde kunne bidra til å identifisere Ludvig, var ikkje fullt så enkelt som eg håpte på. Det startar med ein ”K” og ender på ”pperholmen”. Mellom dette skal det vere ein bokstav. Både ”i” og ”o” kan gje meining.
Det er Kipperholmen i Bud, slik som nemnt av Kjell. Nørdre Kipperholmen er den største og ligg vest for Kippersundet som på sitt smalaste har svært kort avstand mellom holmen og fastlandet. Eg har ikkje kjennskap til at det nokon gong har budd folk på desse holmane, og det ville for så vidt vere interessant nytt dersom det i 1703 budde ein ”monseigneur” der.
Når eg no ser på stadnamnet på nytt, synest det for meg å likne mest på ”Kopperholmen”, slik som nemnt av John H. Denne staden er vel også truleg den som lettast kan knytast til ein Ludvig Iversen? Og i så fall kan vel dette tyde på at Ludvig Iversen Munthe var kyrkjeverje for kyrkjene både i Bud og Vågøy?
Sidan det no er søndag, legg eg ved eit bilde frå Bud hamn som viser deler av området rundt Kippersundet i 1907. I framgrunnen av bildet poserer bestefar min, Olaf Hagerup, saman med mannskapet på fiskebåten ”Reidulf”. (Også det originale bildet har så dårleg kvalitet at personane ikkje kan identifiserast.) Som ein ser var ”Reidulf” ikkje ein stor båt ut frå målestokken i dag. Båten var 40 fot. Den fekk sett inn motor i 1903 som ein av dei første fiskebåtane i Bud. Motoren var av merke DAN – og på heile 8 hk! Motoren bråka visst noko forferdeleg. Bestefar fortalde fleire gonger med latter om første gongen han kom inn til Kristiansund med båten etter at den fekk motor. Det kom då strøymande til folk frå alle kantar for å sjå kva dette bråket var. Kaia var full av folk, etter det han sa.
I høgre bildekanten vises ein del av ein bygning. Til venstre for den kan me så vidt skimte deler av Kippersundet. Ovanfor dette igjen vises ein del av ein holme. Etter vinkelen i bildet må dette vere sørlegaste delen av Nørdre Kipperholmen.

Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
-
- Innlegg: 1026
- Registrert: 3. desember 2004 kl. 3.29
- Kontakt:
Re: Monsieur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
I 1666-1669 var "Kirchevergeren Velachte Mand Iffuer Andersen" til Vaage annex kirke. Far til Ludvig Iversen Munthe. Ludvig budde ei stund på Nordmøre utan at eg veit kvar.
Re: Monsieur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
Det var interessant. Ser nesten ut til å vere grunnlag for mistanke om at vervet/stillinga som kyrkjeverje kan ha "gått i arv".
-
- Innlegg: 1026
- Registrert: 3. desember 2004 kl. 3.29
- Kontakt:
Re: Monsieur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
Kjelde er Gamalt frå Fræna 1983 Den gamle Vågøy-kyrkja s. 33.
Re: Monsieur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
Etter det opplyste på heimesida til John H. Aarønes, under "Moldefolk", (med Schneider som kjelde) budde Ludvig Iversen Munthe på Røvik i Bolsøy fram til 1711.
På sommartinget for Vågøy otting vart det den 6/7-1705 tinglyst ein ”Bøxelseddel” frå Ludvig Iversen, ”given Jonn Ingebretsøn paa Een Wog fiskes Leje i dend Gaard Reefsshoell, som Waagøe Kirche skall vere tilhørende, Datt. Røwichen” 20. januar (juni ?) 1704.
Permanent sidelenke(folio 132a): http://arkivverket.no/URN:rg_read/28691/134/
Dette tyder vel på at det var Ludvig Iversen Munthe som var kyrkjeverje for Vågøy i desse åra?
På sommartinget for Vågøy otting vart det den 6/7-1705 tinglyst ein ”Bøxelseddel” frå Ludvig Iversen, ”given Jonn Ingebretsøn paa Een Wog fiskes Leje i dend Gaard Reefsshoell, som Waagøe Kirche skall vere tilhørende, Datt. Røwichen” 20. januar (juni ?) 1704.
Permanent sidelenke(folio 132a): http://arkivverket.no/URN:rg_read/28691/134/
Dette tyder vel på at det var Ludvig Iversen Munthe som var kyrkjeverje for Vågøy i desse åra?
Re: Monsieur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
"Monsr" Ludvig Ifuersøn ser ut til å ha vore kyrkjeverje for Bud kyrkje til og med 1706. I kyrkjestolen fol. 9b er det opplyst at soknepresten "Anders" Borch stod for rekneskapet i åra 1707 og 1708. Eg kan ikkje sjå at Ludvig Iversen seinare er nemnt som kyrkjeverje. For åra 1709 - 1712 ser det ut til at Peder Strøm sette opp rekneskapet.
Som opplyst m.a. av Svein Tore Dahl (Geistligheten i Nord-Norge og Midt-Norge i tiden 1536-1700) var det Alexander Jensen Borch som var sokneprest i Aukra 1696-1725, og Hans Jochumsen Pols var kapellan i Bud 1683-1706. Etter Erlandsen var Peder Strøm residerande pastor til Bud frå november 1706 til 1721 då han vart sokneprest i Borgund. Men etter mine augo står det "Soegnepræsten Hr. Anders Borch" i kyrkjestolen for Boe Annex Kirche. Korleis kan dette henge saman?
Som opplyst m.a. av Svein Tore Dahl (Geistligheten i Nord-Norge og Midt-Norge i tiden 1536-1700) var det Alexander Jensen Borch som var sokneprest i Aukra 1696-1725, og Hans Jochumsen Pols var kapellan i Bud 1683-1706. Etter Erlandsen var Peder Strøm residerande pastor til Bud frå november 1706 til 1721 då han vart sokneprest i Borgund. Men etter mine augo står det "Soegnepræsten Hr. Anders Borch" i kyrkjestolen for Boe Annex Kirche. Korleis kan dette henge saman?
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
Re: Monsieur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
Her er eit anna bygselbrev frå Ludvig Iversen (til Arne Ingebretsen Refshoell), for 4 pund fiskesleige i Indre Lindseth, ”Waagøe Kirche tilhørig” - datert 06.04.1696. Stadnamnet er her tydeleg ”Kopperholmen”.
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/28690/69/
Det kan vel ikkje lenger vere grunnlag for tvil om at også ovannemnte bygselbrev frå 18.04.1703 må vere dagsett på Kopperholmen. Og det bør vel også vere rimeleg klårt kva for ein Ludvig Iversen som var kyrkjeverje for Vågøy kyrkje i åra rundt 1700.
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/28690/69/
Det kan vel ikkje lenger vere grunnlag for tvil om at også ovannemnte bygselbrev frå 18.04.1703 må vere dagsett på Kopperholmen. Og det bør vel også vere rimeleg klårt kva for ein Ludvig Iversen som var kyrkjeverje for Vågøy kyrkje i åra rundt 1700.
Re: Monsieur Ludvig Iversen, kyrkjeverje i Bud rundt 1700
Det er kanskje grunn til mistanke om at det var den same Ludvig Iversen som var kyrkjeverje for både Bud og Vågøy kyrkje? Men kvar kan det finnast opplysningar som kan kaste lys over dette spørsmålet?
Rekneskapet 1700-1703 viser at Bud kyrkje hadde ”Joerdegods uden bøxel” i gardane ”Reestad”, ”Ortenn” og ”Torhuus”. Då Bud kyrkje ikkje hadde rett til å gje ut bygselbrev, vil det ikkje her finnast tinglyste bygselbrev frå kyrkjeverja, slik som for Vågøy-kyrkja.
Kan bruk av tittelen ”Monsr” gje grunnlag for slutning i noko retning? Er det nokon som har kjennskap til om titlane monseigneur og seigneur var brukte etter faste reglar i Romsdal? (Monsr. om ugifte menn og Sr. om gifte? – I så fall skulle Ludvig Iversen Munthe ha brukt tittelen ”Sr.” i 1700 i og med at han gifte seg 1690.) Det var ein diskusjon om dette i det gamle brukarforumet på Digitalarkivet, sjå innlegga nr. 15, 16 og 17:
http://forum.arkivverket.no/index.php?/ ... ntry861488
I rekneskapet for Bud kyrkje er det opplyst at kyrkjeverja er ”Monsr” Ludvig Iversen. Men i fleire tinglyste bygselbrev for Vågøy kyrkje ser det ikkje ut til kyrkjeverja brukte denne tittelen (og heller ikkje Sr. – seigneur, eller liknande). Ut frå stand og stilling var det venteleg at Ludvig Iversen Munthe brukte ein slik tittel. Og i fleire andre dokument dokument brukte han tittelen ”Sr.”:
Bygselbrev i Rødset datert 16.02.1697 (folio 81a, øvst på sida)
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/28690/83/
14. januar 1699 let han kalle inn Zacarias Ødegaarden til retten for å opplyse kor mykje han betalte i leige 1698 for Skarsbøen, som høyrde til Vågøy kyrkje (folio 116a, øvst).
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/28690/118/
På vårtinget i Fanne otting 18.01.1699 kravde han tingsvitne om 6 jordpartar (alle i Fanne?) ”som Kircherne skall vere tilhørende, som er ødeliggende” (folio 117b, avsnitt 2 ovanfrå):
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/28690/120/
Bygselbrev tinglyst 09.04.1700 i garden ”Eskrem” (fol 10a, øvst)
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/28691/11/
Av desse dokumenta går det fram at han i åra 1697 – 1700 brukte tittelene ”Sr.”. Kan det då vere same mannen som i kyrkjestolen for Bud kyrkje i same perode kallar seg ”Monsr.”?

I Bolsøyboka 2 side 137, så står det: ....... heter leilendingen i 1693 Steffen Pederseøn idet denne ifølge justisprotokollen (tingboken) det år har bøkslet hele Thorhus - 3¼ pund- av Lodvig Iversøn (Munthe) d. e. fogden, som her optrer på kirkens vegne