Hei Inger!
I Bygdabok for "Vik i Sogn" nr.3 förste halvband/ 1957 står det og lese under br.2 "Kvist" side 40.
"Dragota (Drag-gota)". I kyrkjebökene er det nemnde nokre husmannsfolk som vert skrivne "Dragotten".
Namnet er heilt ukjent i bygdi no, men det må ha vore ein plass under "Kvist".
Og ute i merket mot "Lönne" ligg det ei gamal hustuft på ein plass dei kallar "Gota".
Frå "Gota" kan dei gå opp ei skor som vert kalla "Dragskori" og kjem då opp i "Kvist-lidi".
Me lyt då tru at "Dragotten", eller rettare "Drag-gota", er eit gamalt namn på plassen "Gota".
Det skulle tyda på att dette og var ein höveleg stad og draga ved eller anna frå högste lidane og ned..
Lendet er så laga att denne tydingi er rimeleg.
Plassen låg under "Kvist".
Mvh,Svehn
