Alberta Jakobsen f. 1886 *

Moderator: MOD_Nordland

Svar
dn25459
Innlegg: 158
Registrert: 22. juli 2010 kl. 16.15
Sted: VIGRA

Alberta Jakobsen f. 1886 *

Legg inn av dn25459 » 3. februar 2011 kl. 19.42

Alberta Marie Sofinie (?) var fødd 19/3-1886 på Meløy. Foreldre: Ungkar Olaus Jakobsen f 1864 som var reist til Amerika og pike Maren Sofie Olausen Halsa f 1867. I FT 1900 var Alberta og mora hos jernbanearbeider Samuel Olsen i Ankenes (no ein del av Narvik).

I FT 1910 var Alberta Jakobsen tenestejente hos Kristine Winge, Logi- og spiseforretning i Kirkegt. 3 i Bodø. Då var ho gravid. 19/7-1911 fødde ho sonen Arne Martin som straks vart plassert hos Adolf og Nora Pedersen Fagervik i Meløy der han vaks opp.
Han som far var hadde alt reist til Trondheim og gifta seg der. (Andreas Arntzen gift 7/5 1911 med Jensine Alexandersdatter Eilertsen frå Lurøy - dei busette seg i Båhusgate 3 i Trondheim og fekk 3 barn).

Alberta skal visstnok ha arbeidd på hurtigruta og busette seg kanskje i Bergen.

Eg er interessert i opplysningar om korleis det gjekk med Alberta - vart ho gift, fekk ho fleire barn, når og kvar døydde ho?

Takkar for alt - også opplysningar om slekta hennar eller Andreas Arntzen elles.

gj08189
Innlegg: 6
Registrert: 30. november 2008 kl. 15.55
Sted: TRONDHEIM

Re: Alberta Jakobsen f. 1886 *

Legg inn av gj08189 » 12. februar 2011 kl. 6.57

Alberta fikk en datter i 1913


http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-44

mvh
OE

Svar

Gå tilbake til «Meløy»