Legg inn
av Jørg Eirik Waula » 16. august 2010 kl. 18.31
Her er oppl. fra bygdeboka for Tysvær (Grinde-bindet):
15. Kristoffer Larsson f. 1742 på Nes, d. 1800.
G.1.m. Marta Knutsdtr frå Svinali nedra (14b), f. 1749 på Hersdal i Tysvær (10 ), d. 1787.
G.2. 1789 m. Dorte Larsdtr frå Vårå (27b), f. 1762, d. 1841.
Born av 1. ekteskap:
a. Lars f. 1770, n. 1788.
b. Marta f. 1773, u. Fikstveit (124), u. Nes (66) og Kleivå u. Skjold prestegard (386).
c. Knut f. 1775, Nes (16).
d. Helga f. 1777, d. 1821, ug.
e. Jakob f. 1782, Hamn (2), Hommelsto u. Eggja (87), u. Bjordal i Vikebygd, u. Nes (67) og Tømmervik u. Frøvik (82).
f. Lars f. 1784, Aksdal i Førresfjorden (bruk 1.12), g.1.m. Marta Larsdtr, sjå Kringeland (24a), 2.m. Anna Marie Jonsdtr.
g. Marta f. 1787, d. 1787 (8 dagar), firling.
h. Femma f. 1787, d. 1787 (8 dagar), firling.
i. Kristoffer f. 1787, d. 1787 (8 dagar), firling.
j. dødfødd barn 1787, firling.
Born av 2. ekteskap:
k. Lars f. 1791, n. 1800.
l. Kristoffer f. 1793, Meland (67), u. Nes (69) og Sakrishaugen u. Mortveit (44).
m. Marta f. 1796, Goavikjå u. Longalandsvik (66) og Beitatre (Treet) u. Smedsvik (127).
n. Dorte Kristina f. 1800, d. 1801 (1/2 år).
Skøyte 1768 på største delen av garden, sjå gardssoga. Kristoffer hadde bygselbrev frå Smith-familien på den andre delen av garden.
Kristoffer hadde før han tok over som gardbrukar på Nes vore tenar på prestegarden, til liks med faren i si tid.
Marta døydde i 1787 på barselseng med firlingar, sjå gardssoga.
Skifte blei slutta etter Marta Knutsdtr 28. februar 1788. Ho etterlet seg ei netto formue på 143 dalar og 10 skilling.
Eldste sonen Lars døydde ein gong mellom 1788 og 1791.
Det siste av desse åra, heiter det at faren Kristoffer hadde arva ein part av jordegodset eller landskylda i garden etter han.
Det blei “talt over” Kristoffer i gravferda hans. Skifte etter han blei avslutta 18. desember 1800.
Enkja Dorte døydde hjå sonen Kristoffer, sjå gardssoga for Mortveit om dødsfallet hennar.