Legg inn
av Harald Lorentz Bakke » 29. august 2008 kl. 21.12
Bare med nokre opplysningar i full fart. (Har ikkje tid til å verifisere med linkar nett no)
Eg eg fødd og bur på garden Ekornbakke der Jan Kornelius var fødd og vaks opp. Han var bror til min tippoldefar, Erik Olsen Ekornbakke. Forøvrig bruk 2 (og ikkje br.nr. 3 som er sagt i innlegget over).
Jan Kornelius var fødd på Ekornbakke 1. mars 1831 og døypt 5. mars s.å.
Foreldra var Ole Erikson Ekornbakke, f. på Ytre Davik 1792 og d. på Ekornbakke 02.06.1848.
Mora var Pernille Jansdtr. /Jonsdtr. f. på Aarheim i Stryn i 1799, døypt i Stryn 15.09.1799,
død på Ekornbakke 26.09.1882. ( Dei vart gifte i Stryn 3.06.1827 )
Vi veit han levde i 1852 då han var innført i kommunikantprotokollen, men i skiftet etter faren Ola som ikkje vart avholdt før 1856 (kvifor så mange år etter ??? ) var ikkje Jan Kornelius nemnd, så truleg var han død før det.
Evt. død er ikkje ført inn i kyrkjebøkene i Davik, ikkje finn vi han utflytta frå prestegjeldet heller.
Eit lite mysterium i slekta som det hadde vore veldig interessant å komme til bunns i !!
Det vert fortalt at dei han var onkel til ikkje visste om han før namnet hans vart funne i kyrkjebøkene ved dåpsinnførselen. Har undra meg i mange år på kvifor !!
Mvh Harald L. Bakke.