Legg inn
av 17887 » 10. oktober 2007 kl. 6.38
Hei
- her er det som står i bygdeboka for Meldal om slekta. Kan være starthjelp i det minste:
" Mogsetrønningen låg nede ved Rønningsbakken, i nordenden på den noværande dyrkajorda. Mannen her var av den kjende "Brunsslekta".
NIkOLAUS BRUN var general og komandant i Stralsund. Sonen PETTER NIKOLAI BRUN, også major ifl. kongeleg konfirmasjon av 23. september 1660 og seinare oberstløyntnant og komandant på Kristiansand festningar. Han døydde 2. august 1679 og hadde sonen JENS BRUN, oberstløyntnant. Han var gift 2 gonger og hadde 5 søner, mellom desse OLE BRUN. Han var kaptein ved Oppland infanteriregiment og budde på Øie i Vågå. Vart major i 1682, kjøpte 28. juli 1688 Lysgård ved Lillehammer, vart oberst den 13. mars 1696, overkomandant i Trondheim den 10. april 1700 og døydde 1710. Han var gift med MAREN LUND og hadde 5 born. Den yngste av desse, FRANTS BRUN, vart 2. april 1700 kaptein og fekk Orkdal kompani i 1712, major i Trondheim regiment, Børsa kompani og døydde 6. mars 1733. Gift i 1711 med ANNA KATRINE FROST, f 1693, og budde på Hov i Orkdal. Ho var dotter til kjøpmann FROST i Trondheim og kona MARGRETE LORNTSD. ANGELL (farsøster til legatskiparen Tomas Angell). Dei hadde i alt 11 born. Den nest eldste, KRISTIAN BRUN og GURU OLSD. f MJØEN i 1700, hadde sonen FRANTS BRUN og denne mannen er det vi finn her på plassen ved folketellinga i 1760.
FRANTS KRISTIANSON, f 1732 gift med GUNHILD LARSD. BERGEM, f 1724. Han var "verkets mann".
Born:
1. GUNHILD, f 1757, gm Anders Olsson Sugustad
2. Christian Brun, f 1758, gm Gjertrud Eriksd.
Blokkum
3. Lars, f 1761, gm Ingeborg Toresd. Åmot
4. Guru, f 1764, gm Kristen Pauls. Espås
5. Ole, f 1765, gm Ingeborg Eriksd. Lien
Omkring 1780 kjøpte Frants garden Langeng og huslyden flytta dit."
mvh Aud Marion Røen