Arnstein skrev:Dersom "Hs Moder" betyr "hennes moder" (dvs Gunil Jakobsdtrs), så er det ei Agnethe Andersen f 1730 Hitra, gift med Jakob Kjeldsen Sistranden Collin f 1725 Hitra som kan være aktuell.
Her har eg tolka det som "hans moder", dvs. mor til Anders Arntsson, men vd nærare gjennomgang ser eg at det ikkje er vidare kjeldebelagt. Det kan såleis vere rett begge.
(Gammel tråd, javel, men informasjon vil fram!)
Anders, døpt 22. feb. 1761 på Svorkmo, var son av bergarbeider Arnt Lovitsson og Agnete Andersdotter på Svorkmo. Han vart gift fyrste gong med Gunhild Jacobsdotter som nemnt (7 born) og for andre gong med Marit Simonsdotter (ei dotter). Anders er død i 1815, når vi finn skifte etter
Grubearbejder Anders Arntsøn (
avskrift v/Arnt Stavne). I 1801 er som nemnt over mora Agnete Andersdotter, f. c.1730, nemnt.
Foreldra til Anders var bergarbeider Arnt Lovitsson, født c.1725, og Agnete Andersdotter, døypt 7. sep. 1732, på Svorkmo. Agnete var etter det eg har notert dotter av Anders Nilsson Klingmoen og Anne Christensdotter (d.1752). Sjå for øvrig tråden
Anders Nilsen Klingøyen her på forumet.
Arnt Lovitsson er etter alt å dømme son av Lovits Arntsson, født c.1698, og Ermegaard Alexandersdotter, født 1706, på Grutsæter. Dei er nemnt på Grutsæter i 1769, så død etter dette. I tillegg til Anders døyper dei i 1768 dottera Ermegaard. (Kombinasjonen av dei relativt sjeldne namna Lovits og Ermegaard her er ein sterk indikasjon)
Foreldra til Arnt var Arnt Jonsson, født c.1667 død 1742, og Lisbet Jørgensdotter på Grutsæter, gift på Grutsæter i 1697. Lisbet var da enkje etter Lovits Grutsæter.
Når det gjeld Gunhild Jacobsdotter er eg diverre heilt blank.