Anne Wernersdtr. Reithe - fødd omlag 1771
Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal
-
- Innlegg: 952
- Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
- Sted: DAVIK
Anne Wernersdtr. Reithe - fødd omlag 1771
Eg søker etter forfedrer til mi 3x Tippoldemor Anne Wernersdtr Reithe som 31.12 1797 vart gift med Ole Johannessen Biørloe (Bjørlo) i EID, Sogn og Fj.
Under folketellingane i EID 1801 finn eg Ole og Anne under Furefjerdingane som jordløs husmann og då er Anne oppgitt å vere 30 år gamal, Ho skal då vere fødd omlag 1771.
Mvh Harald L. Bakke

- Arnfinn Kjelland
- Innlegg: 427
- Registrert: 29. november 2004 kl. 8.56
- Sted: VOLDA
- Kontakt:
Re: Anne Wernersdtr. Reithe
Eg finn ikkje noka Anne som passar i kjeldene i bygdebokarkivet. Vi har Werner / Vernik-namnet i Austefjorden, men ikkje i høve dette tidspunktet.
Kva er det som gjer at du trur ho kom frå Volda?
Kva er det som gjer at du trur ho kom frå Volda?
-
- Innlegg: 952
- Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
- Sted: DAVIK
Re: Anne Wernersdtr. Reithe
Takk for svar Arnfinn !
http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe
Her er link frå digitalarkivet for vigde i Eid der Anne Wernersdtr. er oppført å vere frå Reithe, Volden.
Det kan sjølvsagt vere at ho ved giftarmålet var i teneste på Reite og såleis er registrert der.
Kansje var ho frå Eid likevel ?
Svært få Wernerar i Nordfjord.Kun i Eid, Hornindal og Stryn finn eg det namnet i svært begrensa antall.
Mvh
Harald L. Bakke

Her har du en som passer:
IGI Individual Record FamilySearch™ International Genealogical Index v5.0
Norway
ANNE WERNERSEN
Female
Event(s):
Birth:
Christening: 11 MAR 1770 Volda, More Og Romsdal, Norway
Parents:
Father: VERNER FORDEREITE Family
Messages:
Extracted birth or christening record for the locality listed in the record. The source records are usually arranged chronologically by the birth or christening date.
Odd Brede
IGI Individual Record FamilySearch™ International Genealogical Index v5.0
Norway
ANNE WERNERSEN
Female
Event(s):
Birth:
Christening: 11 MAR 1770 Volda, More Og Romsdal, Norway
Parents:
Father: VERNER FORDEREITE Family
Messages:
Extracted birth or christening record for the locality listed in the record. The source records are usually arranged chronologically by the birth or christening date.
Odd Brede
-
- Innlegg: 952
- Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
- Sted: DAVIK
Re: Anne Wernersdtr. Reithe
Mange takk Odd !
Då har eg eit spor å følge vidare, kansje eg finn henne i andre kjelder og ein stad.
Mvh Harald.
Då har eg eit spor å følge vidare, kansje eg finn henne i andre kjelder og ein stad.
Mvh Harald.
Re: Anne Wernersdtr. Reithe
Hei, min "sjef" Arnfinn har bede meg kome med litt meir informasjon...
Eg er framleis litt usikker på om denne Anne som Odd Brede har funne er den rette, grunnen til det er at vi har registrert denne personen som Arne ved avskrivinga av kyrkjebøkene, m.a. på grunnlag av at personen er registrert saman med andre av hankjønn. Men for sikkerhets skyld så skal eg gå tilbake på mikrofilmen og dobbeltsjekke dette - Arne og Anne er jo forholdsvis lett å blande saman!
VISS det er den rette personen ein har funne fram til - så er det mest truleg slik at ho då var dotter til ein Vernik (eller Werner om ein vil) Larss. som var brukar på Fyrdsreitane i Austefjorden frå kring 1750 og utover. Vernik var fødd på garden Kvia i Vartdal (då under Hareid, seinare eiga kommune, i dag under Ørsta) kring 1715 og døde på Reitane i 1795. Det er skifte etter første kona hans i 1767, så Anne/Arne må slik vere etter eit andre ekteskap (alt: utanom ekteskap) der vi ikkje har funne namn på kona. I Voldasoga II (Årviknes) er det oppgjeve eit namn på andrekona hans, men dette bygger på ei feilkobling.
Dette er altså sålangt eg kjem per i dag, skal melde meg når eg har fått sjekka kyrkjebokinnførselen...
Mvh
Olav

Mange takk Olav, ventar i spenning på fortsettelsen !
Mvh Harald.
Mvh Harald.
Re: Anne Wernersdtr. Reithe
Og då har eg brukt mine 2 minutt på biblioteket for å få bekrefta det eg hadde mistanke om: Vår Arne skal vere Anne Vernersd. - det står tydeleg d. i slutten av namnet og dessutan så fekk ho slik skikken var 2 manns- og 3 kvinnefadderar: Anders skoleholder, Jon Leite, Siri Ourstad, Anne Ousdal og Dorthe Førde. Hadde Arne vore rett, skulle han hatt 3 manns- og 2 kvinnefadderar.
Og dermed er alle fornøgde, vi har funne ein link til Nordfjord og de har funne ein link til Volda
I samband med bygdeboka er vi interesserte i litt meir informasjon om Anne og Ole, slik som fødsels- og dødsdato viss du har det tilgjengeleg.
Og dermed er alle fornøgde, vi har funne ein link til Nordfjord og de har funne ein link til Volda

I samband med bygdeboka er vi interesserte i litt meir informasjon om Anne og Ole, slik som fødsels- og dødsdato viss du har det tilgjengeleg.
-
- Innlegg: 952
- Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
- Sted: DAVIK
Re: Anne Wernersdtr. Reithe
Tusen takk Olav
Godt å ha gode grannar på andre sida av fylkesgrensa når hjelpa trengst !
Godt jobba !
Mvh Harald.

Godt å ha gode grannar på andre sida av fylkesgrensa når hjelpa trengst !

Godt jobba !
Mvh Harald.
-
- Innlegg: 952
- Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
- Sted: DAVIK
Re: Anne Wernersdtr. Reithe - fødd omlag 1771
Dessverre har eg ikkje anna årstal enno enn
-ca fødselsår (basert på FT 1801)
- dato dei var gifte (31.12.1797 i Eid ) og dåpsdato for dei barna eg har funne.
Kan ta dei med her no om det har interesse:
Høvesvis dåpsdato - barnets namn - Foreldrenes bopel og evt. kommentar.
- 06.04 -1798 Johannes -Bjørlo - Død (reiknar då med at han døydde kort tid etter dåpen )
- 27.07 -1800 Eli -Furefjerding (Døypt i Davik)
- 22.05 - 1803 Mons - Furefjerding
- 26.04 - 1806 Johanne - Bjørlo
- 06.06 - 1813 Werner - Flaaten
Manglar også dato for dødsfall til Ole Johannessen og Anne Wernersdtr.
Skal komme tilbake til meir datoar når eg får anledning å gå i kildene.
(Veit ikkje når det kan bli...)

I Ertesvåg si avskrift av kyrkjeboka, finn ein under vigde; Werner Wernerson Qiue g 1751
(13.9) med Anne Pedersd. Reite, f. Høydalsvik. Dei hadde ikkje barn. Anne døde 1766.
Werner gifte seg oppatt med Synnøve Arnesd. Nautvik f. 1733 og flytte til Indre Nautvika i Volda.
Anders skoleholder, som er fadder til Anne tok over garden, då Werner flytta til Nautvika.
Anne er sikkert , slik skikken var, oppattkalla etter Werner si 1. kone Anne.
I VartdalKvien finn eg ingen som kan stemme med denne Werner, men dreg ein sørover att, så er det ein Verner Sveinson som var brukar av br. 1 Kviene på Eid i 1705.
Eg trur at det må vere her Werner Wernerson kjem ifrå.
(13.9) med Anne Pedersd. Reite, f. Høydalsvik. Dei hadde ikkje barn. Anne døde 1766.
Werner gifte seg oppatt med Synnøve Arnesd. Nautvik f. 1733 og flytte til Indre Nautvika i Volda.
Anders skoleholder, som er fadder til Anne tok over garden, då Werner flytta til Nautvika.
Anne er sikkert , slik skikken var, oppattkalla etter Werner si 1. kone Anne.
I VartdalKvien finn eg ingen som kan stemme med denne Werner, men dreg ein sørover att, så er det ein Verner Sveinson som var brukar av br. 1 Kviene på Eid i 1705.
Eg trur at det må vere her Werner Wernerson kjem ifrå.
-
- Innlegg: 952
- Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
- Sted: DAVIK
Re: Anne Wernersdtr. Reithe - fødd omlag 1771
Mange takk Solbjørg !
Dette er ein teori som er interessant og høyrest fornuftig ut.
At Anders skoleholder vart utvalgt som fadder til Anne tyder ialle fall på at dei hadde eit eller anna nært forhold, enten slektskap eller nært vennskap. Noko som det og kan tyde på ettersom han overtok garden på Reite når Werner flytte til Indre Nautvik.
Verner Sveinson på Kviene i Eid er ein av dei få nordfjordingane som ber Vernernamnet på byrjinga av 1700-talet.

- Innlegg: 5700
- Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
- Sted: TRONDHEIM
- Kontakt:
Re: Anne Wernersdtr. Reithe - fødd omlag 1771
Solbjørg og Harald: Eg trur de skal lese det Olav skreiv til slutt 27.2. Det er ikkje Vernik/Verner på Fyrdsreite som giftar seg til Nautvik. Ifl. den nye Volda-boka (b.2 s. 28-29) gifta enkja der seg i 1763 med ein Verner Dravlausreite, altså før din Vernik/Verner vart enkjemann i 1766. (Lampen i leseapparatet svikta før eg fekk sjekka dette).
Det er nokre utfordringar her. Eg finn ikkje (og tydelegvis ikkje Olav/Bustadsogeprosjektet heller) Vernik/Verner oppattgift 1766-1771. Ei enkel forklaring kan vere at han fann seg ei kone i eit anna prestegjeld, og då skulle bryllaupet stå der. Så då er det berre å leite (Eid, Vanylven, Herøy, Hjørundfjord) ...
Eg finn heller ikkje Anne Verners/Verniksd. i konfirmantlistene 1784-1792 for Volda. Men ho kan ha vore konfirmert i eit anna prestegjeld.
Det er nokre utfordringar her. Eg finn ikkje (og tydelegvis ikkje Olav/Bustadsogeprosjektet heller) Vernik/Verner oppattgift 1766-1771. Ei enkel forklaring kan vere at han fann seg ei kone i eit anna prestegjeld, og då skulle bryllaupet stå der. Så då er det berre å leite (Eid, Vanylven, Herøy, Hjørundfjord) ...
Eg finn heller ikkje Anne Verners/Verniksd. i konfirmantlistene 1784-1792 for Volda. Men ho kan ha vore konfirmert i eit anna prestegjeld.
-
- Innlegg: 952
- Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
- Sted: DAVIK
Re: Anne Wernersdtr. Reithe - fødd omlag 1771
Takk Ivar for oppklaring /presisering.
Ja då er det bare å leite vidare då etter ei eventuell 2. kone til Verner Fyrdsreite /mor til Anne Wernersdtr.
Takk sålangt til alle som har engasjert seg.

Ja då er det bare å leite vidare då etter ei eventuell 2. kone til Verner Fyrdsreite /mor til Anne Wernersdtr.
Takk sålangt til alle som har engasjert seg.
-
- Innlegg: 5700
- Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
- Sted: TRONDHEIM
- Kontakt:
Re: Anne Wernersdtr. Reithe - fødd omlag 1771
Ein ting til: I kyrkjeboka er det ført innleiing av "Werner Førdereites qv." eit par sider etter at Anne er døypt. Det vil seie både at mora overlevde fødselen og at foreldra var gifte - ugifte mødre vart ikkje innleidde.
-
- Innlegg: 952
- Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
- Sted: DAVIK
Re: Anne Wernersdtr. Reithe - fødd omlag 1771
Her fant eg tilfeldigvis Anne Wernersdtr Reithe konfirmert i Eid i 1790 - 2 kolonne
Kansje ho var i tenseste hos folk på Eid i 1790, men eg syns det då er skrive Reithe og ikkje den garden ho budde på.
Meinar eg tidlegare og har funne konfirmantar i Eid med namn som høyrer heime i Volda, man har ikkje noko å vise til no.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-92
Kansje ho var i tenseste hos folk på Eid i 1790, men eg syns det då er skrive Reithe og ikkje den garden ho budde på.
Meinar eg tidlegare og har funne konfirmantar i Eid med namn som høyrer heime i Volda, man har ikkje noko å vise til no.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-92
Re: Anne Wernersdtr. Reithe - fødd omlag 1771
Prøvar meg igjen.
Sidan sist - så har bind 3 av "Busetnadsoga for
Volda kome ut.
Under "Reitane" på Fyrde (s. 269 - b. 3) står det om ei Anna Pedersd. Høydalsvik. 1701 - 1766
Ho var gift fleire gongar; 3 gongen i 01.01.1751 vart ho gift med Vernik Larss. Kviene i Eid, f. 1715 - død før 18.10. 1795.
Vernik hadde dottera Anne f. før 11.03.1770 - d.? Gift 31.12. 1797 med Ole Johanness frå Bjørlo i Eid, busett Furefjerdingen i Eid .
---------------
Vernik har nok gifta seg oppatt - etter han vart enkemann og fått ei dotter Anne i 1770.
Foreldra/ faren har så flytta attende til Eid og Anne er derfor konfirmert på Eid.
Reitane vart, etter bygdeboka, kjøpt av nye folk i 1777

Flott Solbjørg, då får eg gå igang og leite etter Vernik/Verner og kona (-ene) hans i kjeldene.
Mange takk !
Mange takk !

-
- Innlegg: 952
- Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
- Sted: DAVIK
Re: Anne Wernersdtr. Reithe - fødd omlag 1771
Har tråla Ministerialbok for Eid 1766-1770 for "n'te gong"
, men der er det ingen ting å finne det eg kan sjå.