Eg er ikkje sikker på om May ann er aktiv her - ho hadde 5 innlegg i slutten av mars, og det var visst alt....
Eng(e)set finn vi i Borgund, Skodje, Stranda, Norddal - og i Volda og Ørsta. Det er dei to siste som er aktuelle her. Han er døypt i Volda prestegjeld 12.sundag etter trieining (8.aug) 1752,
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-93
At dåpen var i Volda kyrkje fortel ikkje noko om han var frå Volda eller Ørsta. Born skulle døypast innan 8 dagar, så då reiste dei dit det var gudsteneste - og denne gongen var det i Volda.
På eitt eller anna vis veit bygdebokskrivaren for Herøy (b.1 s. 33-34) at Kristoffer kom frå Ørsta. Ei mogeleg kjelde for dette er bygselbrevet han fekk på Koparstad i 1781. For det står ikkje kvar han kjem frå i kyrkjeboka då han trulova (20.aug1780) og gifta seg (1.jan 1781) med Lisbet Sævik.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-167
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-50
Faddrane er Nils Engeset, Ole Gjerde, Otte Engeset, Anne Engeset og Anne Amundsd. Engeset. Mora er ikkje innført som innleidd etter dåpen, så anten døyr mora etter fødselen, eller så er ikkje foreldra gifte.
Ser vi litt i bygdebøkene finn vi (som vanleg) Ola-er og Anner over alt....
Vi finn ein Otte Engeset og ein Nils Engeset i Ørsta og ei Anne Amundsd. Engeset i Volda. Altså like langt.
Det er to kandidatar som far Ole; Ole Larson Engeset frå Ørsta, gift 1753; og
Ola Åmundson Engeset frå Volda, f. ca.1736, gift 1761.
Ole Larson har ein bror Otte/Ottar og grannar Nils og Anne (men ingen Anne Amundsd); Ole Åmundson har ei syster Anne Åmundsd og ein granne Anne (men eg finn ingen Nils eller Otte)