Hjelp til å slå opp i bygdebok for Sand

Moderator: MOD_Rogaland

Svar
gj06383
Innlegg: 7
Registrert: 19. februar 2008 kl. 23.05
Sted: OSLO

Hjelp til å slå opp i bygdebok for Sand

Legg inn av gj06383 » 22. februar 2011 kl. 18.00

Er det nokon som har ei bygdebok som dekkjer gardane i Sand og som kan gjera meg ei teneste?

Eg lurer på namn og fødselsår på borna til Jon Torsen og Ingebor Torgiersdtr. på garden Drarvik. Dei vart gift den 7. juli i 1811.

Magnus A. Våge

gj11392
Innlegg: 173
Registrert: 12. oktober 2010 kl. 22.28
Sted: STAVANGER

Re: Hjelp til å slå opp i bygdebok for Sand

Legg inn av gj11392 » 22. februar 2011 kl. 21.18

Fra Bind 1 s. 374:

Jo Toresen Drarvik (1778-1846) vart g. 1811
m. Ingeborg Torgersdtr. Ilstad (1791-1866). Jo
fekk skøyte i 1801 frå Jone Jonsen, med folge «til
sine Forældre».
Born: 1. Tore, sjå nf. 2. Marta f. 1815, meldt ut-
flytt frå Sand 1848, «vil reise til America». Om
ho kom seg over så døydde ho straks, og før
1850. I Magnus Våge sine ættelister er ho ei av
dei nemnde «to born til som døydde ugifte». 3.
Ingeborg (1818-85) g. 1850 m. Lars Nilssen
Kjerringtveit, Sauda, gardbr. Tveita, Jelsa. Inge-
borg døydde på Øglænd i Hetland prestegjeld,
venteleg hos eit barn der. 4. Anna f. 1825 g. 1847
m. Osmund Monssen Galland, Suldal, b. Gal-
land, sidan Lovra i Erfjord, men i 1866 hadde
Osmund forlete familien. Det var sagt at han
oppheldt seg i Arendal by eller Tvedestrand «øst-
enfields». 5. Torger (1828-50), d. «paa Ciminari-
um ved Storøen». 6. Lars f. d. 1832, 3 veker. 7.
Ingeborg d. y. (1833-66), skreddar, b. heime,
fekk son Torger Johan f. d. 1861 med Lars Samu-
elsen Lindvoll (Sauda).

Tore Jonsen Drarvik (1812-91) vart e. 1837 m.
Margrete Andersdtr. Hedland br.8 (1806-77)
..................................................................

gj06383
Innlegg: 7
Registrert: 19. februar 2008 kl. 23.05
Sted: OSLO

Re: Hjelp til å slå opp i bygdebok for Sand

Legg inn av gj06383 » 22. februar 2011 kl. 22.30

Takk for god hjelp!

Svar

Gå tilbake til «Suldal»