Bind 5/side 165 Gjersvoll - Oppistua

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 5/side 165 Gjersvoll - Oppistua

Legg inn av Knut Sæther » 3. oktober 2010 kl. 14.28

Om Lisbet Jensdotter Valset (gift med Jon Olsson, seinare brukar på Storbråtten) står det at foreldra hennar er ukjende.

Farsnamnet hennar skal vere Jonsdotter. Ho var nemleg dotter til Jon Johansson Nes – sjå Heimar og ætter i Stangvik bind III s. 276. Dette kjem fram i skiftet frå 1781 etter søstera hennar Ildri Jonsdotter, som først var gift med Henrik Evensson og deretter med Knut Larsson på Årammen bruk nr. 2:

http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24651/241

(Kjelde: Skifteprotokoll 3A 18 for Nordmøre sorenskriveri, 1781-1783, fol. 224b–225.)

Ei anna søster til Lisbet var Guro Jonsdotter, kona til Anders Eriksson, Valset bruk nr. 2. Desse søstrene hadde elles ei niese Marta Johansdotter som var gift med Lars Larsson, Husby bruk nr. 2 i Øksendalen.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Sunndalsboka»