Legg inn
av Remi Trygve Pedersen » 29. desember 2007 kl. 13.10
Her er det som står fra Bnr. 1 på Jarnes angående Jens Severin sine foreldre:
Jørgen Peter Hanssen Jarnes f 1789 d 1870
1814 g Guri Petrine Jørgensd. Eidem (1798-1876) Br 1813-1845
Born:
1. Berte Ingeborg Elisabet f 1816, g p br, sidan bustad Rongane, Jarnes
2. Karen Petrine f 1820 d 1901, g 1847 Jetmund Ottesen Glomset (1810-1887)
3. Bernt Petter Andreas f 1822, g 1842 Johanne Nikoline Monsd. Blakstadnes f 1810, bustad Brauta, Jarnes
4. Berte Gurine Karoline f 1824
5. Juliane Karoline f 1825, g 1852 Knut Andreas Nilssen Vik f 1824. Bustad Jarnes (br 5) (Myrane)
6. Hans Jørgen f 1827, bustad Davenes
7. Ole Andreas Martinus f 1831. Bustad Ikornnes Ytre, bnr 3 Myren Sjå og s 287.
8. Hans Johan f 1833, bustad Gjævenes br 2
9. Jens Severin f 1837, budde i Hovden (Grønhaug)
10. Anette Marie f 1843 d 1919. Barn: Johanne Marie f 1869 (far: Jens Olsen Utgård, Andersg. f. 1834), g 1871 Martinus Andersen Åsen frå Sunnylven, budde på Jarnes (hovedbruket og br 6)
Som ein ser fekk mange av borna ein plass av bruket. Plassane vart fråskylddelte frå 1841 og utover, men mange av dei var eldre. Såleis les vi at Peter sette plassane Myren og Lauvet i pant i 1834 og Brauta i 1837. Davenes er frå 1600-talet og kanskje eldre. Den plassen selde Peter Hansen til Peter Olsen Blakstad i 1841. Halve Jarnes-bruket kjøpte Peter Hanssen i 1820 for 60 spd og i 1833 resten for 55 spd. Seljar var verfaren Jørgen Jørgensen Eidem. I 1844 selde Peter til versonen Johannes Olsen Trandal med unntak av plassane Davenes, og Myrane, Lauvet og Brauta, for 250 spd og med atterhald om å bruke halve garden så lenge han ville. Han nytta seg av dette berre eit år. I 1845 vart han kårmann.
I november 1844 var der skyldsettingsforretning på Jarnes etter krav frå Peter Hansen over den delen av Jarnes han hadde selt til Johannes Olsen Trandal. Den delen hadde ei skyld på 2 dlr 4 ort, etter at Davenes ved tidlegare skyldsetting hadde fått 1 ort 13 skill. i skyld.
Jørgen Peter sin foreldre på samme bruket på Jarnes:
Hans Pedersen Erstad (Olag.) f 1755 d 1837
1787 g Lisbet Knutsd. Jarnes f 1757 d 1837, kort tid etter mannen. Sk. for begge 20/1 1838.
Br 1785-1788 (halve garden)
Br 1788-1813 (heile garden)
Born:
1. Jørgen Peter Martinus f 1789, g p br
2. Anne Marte i 1790, gift til Hareid 1824
3. Bernt Olaus f 1792, 1826 g ek. Berte Larsd. Davenes f Klokk 1775 (frå br C ho g 1. Jørgen Jetmundsen Davenes.)
4. Nille Johanne f 1794, d 1887, g 1831 Mons Olsen Hundeide br 1 f 1792. Sjå bd 1 s 410
5. Johanne f 1796 d 1787, legdslem
6. Hans Peter f 1799, g Malen Andersd. Jore. Han var visekorporal i 1. kompani i Bergen, der dei budde i 18. rode nr 161 i 1830.
7. Bernt Peter Olaus f 1801. Var i Bergen i 1838. Sidan til Davenes.
Hans bygsla 3 mællag i Jarnes av Jens Larssen Fauske i 1785 og 2 pd 6 mk (like mykje) av Jørgen Olsen Fauske i 1788, slik at han då brukte like mykje som verfaren hadde brukt lengste tida, 1 v 1 pd 12 mk.
Hans hadde to halvbrør i Hundeidvik, Jørgen Pedersen Kurset og Peder Pedersen Midtgård.
Lisbet sine foreldre på det samme bruket på Jarnes:
Knut Anderssen Jarnes f 1729 d 1803
1750 g Berte Hansd. Sætre br 1 f ca. 1719 d 1801
Br 1751-1759 (halve garden)
Br 1759-1785 (heile garden)
Born:
1. Anders f 1750 d 18 veker
2. Gyri f 1751 d 1785
3. Marte f 1753 d 1779
4. Anders f 1755 d 1779
5. Lisbet f 1757 g p br
6. Ole f 1759 d 1760 1 år
7. Hans f 1759 (tvill.)
I 1777 var der berre 7 husmenn i heile Sykkylven. Ein av dei var på Jarnes.
Knut sine foreldre på det samme bruket på Jarnes:
Anders Ellingsen Ekornes (bnr 2 Indre) f ca. 1698 d 1768 g 1726 Marit Knutsd. Jarnes f ca. 1698 d 1772 Br 1726-1748 (halve), til 1751 heile, til 1759 halve.
Born:
1. Eli f 1726 d 1729
2. Elling f 1728 d 1800, legdslem
3. Knut f 1729, g p br
4. Marte f 1732 d 3 veker
5. Eli f 1734
6. Knut f 1736 d 1738
7. Brit f 1739 d 1801 på Lyshol, legdslem
8. Eli f 1741 d 15 dg
9. Anna f 1746 d 1747, 14 veker
10. Ellen f 1749, g 1788 Erik Larssen Åkre
Før 1748 brukte Anders 3 mællag. Det året bygsla han 3 mællag til av Lars Olsen Fauske.
Anders var mykje nytta som vurderingsmann.
Marit sine foreldre på det samme bruket på Jarnes:
Knut Nilssen Jarnes f ca. 1663 d 1702
g Eli Knutsd. Blakstad (bnr 1) f ca. 1660 d 1747
Br ca. 1685-1698 (bruk B), heile Jarnes til 1702.
Born:
1. Marte f 1684 d 1751, g Peder Jonsen Øvre Søvik (bnr 2) (1684-1757)
2. Marit f ca. 1698. g Anders Ellings. Ekornes (frå Indre br. 2). Bustad Jarnes.
Sk. etter Knut 1703 (26/5): Brutto eige 59 rd. gjeld 5 rd. 1 kjempefæring 1 rd 4 ort 8 skill.,1 færing 1 rd, ½ i ei gammal kvern 3 ort, 1 børse og tasak 1 rd 3 ort, tjøre for 7 rd 3 ort, 1 ung hest 3 rd, 6 kyr 18 rd, 1 kvige 2 rd, 4 kalvar, 9 sauer, 8 geiter, 1 gris på 3. året 2 rd (høgare taksert enn 4 geiter).
I sk. vart det skrive om bror til Knut, Elling, at han «er en løs karl og derhos svag». Fm. for Marit vart morbroren Knut Blakstad, og «tilsettes faderbroderen Elling dermed at have tilsyn». «Svakere» var han altså ikkje. (SS sk. protokoll 2a 1703-1707.)
Bnr 1
Frå 1698 var der som nemnt berre ein brukar på Jarnes. Dette heldt fram då enkja Eli Knutsd. gifte seg att, 44 år gammal, med
Hans Eriksen Rødset f ca. 1676 d 1752
Br ca. 1704-ca. 1726, til ca. 1748 (halve garden).
Foreldra til Hans var Erik Johansen Rødset og kone Guri Hansd. Handelsmann Peder Rasmussen Skuggen var halvbror til Hans Eriksen. I 1711 hadde Hans ein gammal dreng og «en liden tøs», begge med 1 rd i årsløn. Skoskatt av 10 par. Hans var med i ein komité til å ta seg av dagskattelikninga. Verdotter hans, dotter til Knut Nilssen, gifte seg, og dei tok over halve garden.
Knut sin far på Jarnes:
Nils Pedersen Jarnes f ca. 1606
Br 1657-ca. 1685
Born:
1. Peder f ca. 1661
2. Knut f ca. 1663 p br
3. Elling f 1665
Buskapen hans i 1657 var 1 hest, 1 okse, 6 kyr, 5 sauer og 4 geiter, krøterskatt 77 skill. Nils brukte i fleire år 6 mællag. I 1680 4½ mællag. I 1675 la han 2 pd 8 mk i korntiend.
Nils sin far på gården Jarnes:
Bruk B
Peder Rasmussen Jarnes
Br 1648-ca. 1657
Han var truleg bror til Elling Rasmussen på bruk A. Han er nemnd som brukar så seint som 1660, men det er ikkje uvanleg at eit namn går att litt for lenge i protokollane. Andre kjelder viser at brukarskiftet gjekk for seg i 1657. Såleis var det ikkje Peder som la krøterskatt i 1657. Det gjorde sonen Nils.
Peder sin trolige far på gården Jarnes:
Rasmus Larssen
Br 15 . .-1618, enkja til 1621.
Rasmus var i 1611 med å reie ut knekten Amund Sivertsen Hellen til Kalmarkrigen. I 1615 la Rasmus 1 mæle i korntiend og 1 geiteskinn i leidang, og skatta av 1½ mællag. Han var eigar av 2 mællag 1 fj. jordegods. Ei Birgitte Jarnes var kanskje dotter hans. Ho er nemnd i 1629.
Hilsen Remi
Remi Pedersen
"Don't be afraid of my Phoenix. He will burn up (but will be reborn from the ashes)."