Etterlyser fotografi av Per Pavels Muthe (1890-1971)

Christiania/Kristiania by og kommune samt Aker herred/kommune fra 1814

Moderator: MOD_Oslo

Svar
68535
Innlegg: 76
Registrert: 13. mai 2014 kl. 11.03
Sted: BRYNE

Etterlyser fotografi av Per Pavels Muthe (1890-1971)

Legg inn av 68535 » 2. april 2019 kl. 10.44

I samband med produksjon av eit hefte om Holocaust og snublestein-nedleggjing på Ogna, Jæren 13.juni 2019, ønskjer me svært gjerne fotografi av Per Pavels Munthe. Han var fødd i Kristiania 1.8.1890. Døydde 12.02.1971 (ukjend stad)

Lenke til bok med info om familien, sjå bilde.

https://www.nb.no/items/df02edfe776f476 ... earchText="Per Pavels Munthe" Side 76 og side 150

Munthe var disponent for firmaet A/S Sjøtang på Ogna,som gjekk konkurs i 1921.

Han starta nytt firma i same bygget, A/S Korkindustrier, som var i drift frå 1935. Her arbeida den tyske kjemiingeniøren Ludwig Adolf Melzer då han vart deportert og drepen i Auschwitz 1.desember 1942.

Munthe og fleire lokale motstandsmenn hadde fanga opp at jødar skulle deporterast, og dei hadde arrangert ei fluktrute for Melzer. Men Melzer meinte sjølv at han var trygg i den vesle bygda, men det var han ikkje

Dette prosjektet er i regi av Hå historielag, og me har prøvd fleire stader å få tak i bilde av han, til persongalleriet som skal vera i heftet, utan å lukkast.

Håpar nokon kan hjelpa oss med bilde, eller videre til nokon som kan sitja på eit bilde av Per Pavels Munthe, som var arbeidsgjevar, og gjorde alt han kunne for å redda jøden frå nazistane sine klør.

På førehand tusen takk!

Beste helsing Gjertrud Marie Jensen og Tone Aarrestad i Hå historielag.
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

Carsten Henrik Schanche
Innlegg: 3504
Registrert: 9. desember 2004 kl. 18.49
Sted: JESSHEIM

Re: Etterlyser fotografi av Per Pavels Muthe (1890-1971)

Legg inn av Carsten Henrik Schanche » 2. april 2019 kl. 11.22

Helga Fredrikke (gift Nesse) var datter av Per Pavels og Ebba. Hun og mannen er omtalt i Studentene fra 1939, utgitt 1964. Der er 3 barn nevnt som kanskje kan kontaktes ang. bilder.

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_d ... 4?page=495

Carsten Henrik Schanche
Innlegg: 3504
Registrert: 9. desember 2004 kl. 18.49
Sted: JESSHEIM

Re: Etterlyser fotografi av Per Pavels Muthe (1890-1971)

Legg inn av Carsten Henrik Schanche » 2. april 2019 kl. 11.36

I Studentene fra 1936, utgitt 1961 er Halfdan Magnus omtalt. Han var gift med Ebba Vogt Munthe. Her er også 3 barn nevnt.

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_d ... 3?page=423

Svar

Gå tilbake til «Oslo, Kristiania og Aker fra 1814»