FT1865: Rudolfine Dyblie, 8 år

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

FT1865: Rudolfine Dyblie, 8 år

Legg inn av dn07176 » 14. juli 2017 kl. 18.02

Eg har eit spørsmål basert på 1865-tellinga for Kristiansund. Her finn ein denne huslyden:

Elen Hildstad, e[nkje], Kone, 77 år, født i Christiansund
Severine Hildstad, ug, Datter, 37 år, født i Christiansund
Edvard Pedersen, ug, den Sidstes Søn, 13 år, født i Christiansund
Rudolfine Dyblie, ug, den Sidstes Datter, 8 år, født i Christiansund

Slik eg oppfatter det er dei to siste "uekte" born av Severine, og barnebarn av Elen Hildstad. Er det nokon som veit kven som er far til Edvard og Rudolfine og evt. kor det vart av desse?

På same adresse (Øwrevaagen 192) finn vi ein anna huslyd med Skibstømmermand Johan Henrik Hildstad, 45 år, med familie (kone og fem born). Er dette muligens ein bror av Severine og son av Elen?

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: FT1865: Rudolfine Dyblie, 8 år

Legg inn av gj09903 » 14. juli 2017 kl. 19.05

Dette er vel dåpen til Rudolfine (sjå nederst på sida): https://media.digitalarkivet.no/kb20071016620245

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: FT1865: Rudolfine Dyblie, 8 år

Legg inn av dn07176 » 15. juli 2017 kl. 1.32

Ja, det ser ut for det. Mange takk for den. Så vidt eg kan sjå gjeld det ein dåp i siste del av september (siste synlege dato tre dåpar opp er 13. sep.). Namnet er berre delvis synleg, men kan tyde på at det er snakk om to namn: "(...)hine Dor-". Rudolphine Dorothea?

Foreldre: "Pige Severine Emilie Hilstad og Matros, Enkemand Edvard Dyblie af Thjem."

Basert på folketellingane for Kristiansund i 1865, 1875, 1900 og 1910 er Severine Emilie Hilstad f. 1827 eller 1828.

Nokre observasjonar:
Severine er å finne i Kristiansund i 1865, 1875, 1900 og 1910 men ikkje i 1885?
Fram til og med 1900 er ho ført som ugift og i 1910 som enkje.

Det er jo interessant å anmerke at barnefaren, Edvard Dyblie, vart gift i Stokke i Vestfold i 1866 med ei anna Severine Eriksdotter, f. 1828 (Severine Henrikke Eriksdotter Ask, nemnt saman med mannen på Sjubvverød i Stokke i 1875-tellinga).

Eg finn Rudolfine i 1865 og 1875, men ikkje etter dette...

Brukeravatar
Astrid Mollan
Innlegg: 6505
Registrert: 1. mars 2009 kl. 18.46
Sted: KRISTIANSUND N

Re: FT1865: Rudolfine Dyblie, 8 år

Legg inn av Astrid Mollan » 15. juli 2017 kl. 1.39

Det ser ut til at de var tilknyttet Øwre Waagens verft.
Astrid M

Solveig R. Håklev
Innlegg: 2859
Registrert: 4. desember 2004 kl. 7.42
Sted: RASTA

Re: FT1865: Rudolfine Dyblie, 8 år

Legg inn av Solveig R. Håklev » 15. juli 2017 kl. 13.04

Da Severine døde står det Pike,
https://media.digitalarkivet.no/view/17153/92

Kanskje det er nevnt noe i dødsfallsprotokollen om hvor barna er.

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: FT1865: Rudolfine Dyblie, 8 år

Legg inn av dn07176 » 16. juli 2017 kl. 19.39

Mange takk for tilbakemeldingane. Etter det eg kan sjå er protokollen med dødsfallmeldingane klausulert, men det kan hende det kan foretas oppslag på SA dersom ein spør pent...

Eg har med god hjelp fått klitt meir informasjon om Severine, og dåpen til Rudolfine. Den antatte halvbroren til sistnemnte, Edvard Pedersen, 13 år i 1865, har eg ikkje klart å finne noko meir om, og Rudolfine er ikkje å finne etter 1875. Det er eit såpass uvanleg namn, at om ho var i live hadde eg venta at ho ville dukke opp i seinare folketellinger, men der er det heller ikkje noko å finne.

Ellers er det magert med skanna skiftemateriale i området siste del av 1800-talet, etter det eg kan sjå.

Svar

Gå tilbake til «Kristiansund»