Kristoffer Olsen f. 1.9.1853 på Helgehaugen under Nerheim i

Moderator: MOD_Rogaland

Svar
gj08969
Innlegg: 48
Registrert: 8. mars 2009 kl. 16.40
Sted: ORRE

Kristoffer Olsen f. 1.9.1853 på Helgehaugen under Nerheim i

Legg inn av gj08969 » 7. mai 2015 kl. 17.35

Kristoffer Olsen f. 1.9.1853 på Helgehaugen under Nerheim i Ølen
gifta seg 20.04.1877 med
Marta Serina Sakariasdotter frå Alvseike/Nordbøen i Vats f. 4.05.1852
Marta Serina hadde ei dotter (utanom ekteskap), Martha Mallina f 15. januar 1875 - far Paul Olsen

I 1880 fekk Kristoffer og Marta Serine (då busette på Nerheim, Ølen) tvillingsønene Ole Kristian og Severin Martin f.20. feb.

Har ikkje klart å finna meir informasjon om Kristoffer og Marta Serine og dottera, men antar dei kanskje har flytta til Stavanger, då tvillingbrørne ved konfirmasjon i 1895 hadde bustad Waisenhuset (barneheim i Stavanger)

Trur Marta Serine må vera enkje og veverske registrert i Ølen ved FT 1900 og 1910?
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 7299002764
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 6663000595


Ville vera takksam om nokon som har tilgang til gards- og ættesoge for Ølen og/eller Vats kunne bidra til å belyse lagnaden til Kristoffer og Marta Serina.

Svar

Gå tilbake til «Ølen»