Ole Thoresen og Marit Thoresdatter
Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal
-
- Innlegg: 588
- Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
- Sted: ELNESVÅGEN
Ole Thoresen og Marit Thoresdatter
Dette paret blir gift i 1817 i Hov kyrkje her, nedst i første kolonne:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-84
Han er da forsynt med etternamnet Aacher (?) og ho med etternamnet Hoven. Forlovarar er Ole Furru og Ole Hoven. Alder er ikkje oppgjeven.
Eg trur det er dette ekteparet eg finn att i Heimar og ætter i Stangvik under husmannsplassen Trøinn på Husby i Todalen. Der har Marit rett nok fått patronymet Larsdotter, men det må vere ein feil av forfattaren, for når dottera Magnhild og sonen Tore blir døypte, står det Marit Thoresdotter i kyrkjeboka:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-163
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-28
I Heimar og ætter i Stangvik er Ole Toreson forsynt med etternamnet Vennevoll. Eg har funne indikasjonar på kvar dei kan ha kome frå, men ikkje meir.
Men kanskje det er nokon som har vore borti meir informative kjelder her?

- Innlegg: 3058
- Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
- Sted: Øksendal
Re: Ole Thoresen og Marit Thoresdatter
Hei Magnar!
Mykje tyder på at det er denne Ole Toresson f. i 1782 med far Tore tambur (= Tore Olsson Åker) det er tale om (nr. 20 på venstre side):
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A01 (1752-1793), Fødte og døpte 1783, side 52.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-35
I Sunndalsboka bind 3 s. 303 har bygdabokforfattaren notert „ukjent skjebne“ om han.
Sjansen er stor for at det er den same Ole Toresson (oppført med namnet Husby) vi finn konfirmert i Øksendalen i 1799, 17 år gammal (nr. 8, venstre side ):
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Konfirmerte 1799-1803, side 67.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-51
At han er kalla Husby på dette tidspunktet, kan forklarast om vi tenkjer oss at han tente på Bøen (eit bruk på Husby i Øksendalen) på denne tida, der tanta hans Guri Olsdotter var gift. Eller kanskje han rett og slett voks opp der. (Han kunne vere nyttig å ha som hjelp på bruket, for Guri og mannen hennar hadde ikkje eigne barn.)
Vidare er det grunn til å meine at det var den same Ole Toresson som tente på Mo på Ålvundeidet i 1801, nærare bestemt hos Peder Knutsson på Mo gamle bruk nr. 1:
http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webce ... =1752#ovre
Og det var neppe tilfeldig. Mor til denne Ole Toresson, Magnhild Olsdotter, hadde nemleg ei søster Lusi som var gift med nettopp Peder Knutsson.
Skiftet etter onkelen til Ole Toresson frå 1816 viser at Ole var i live på det tidspunktet.
Leif Halse skriv i bygdaboka Todalen at Ole Toresson og kona hans var frå Sunndalen, og i ”skyld med Ingebrigt Husby”. Sistnemnde var nok Ingebrigt Larsson Sjølseng, som vart brukar på Nilsstua på Husby i Todalen – sjå Heimar og ætter i Stangvik bind 2 s. 317, og som tidlegare hadde eigd Rønningen i Øksendalen – jf. Sunndalsboka bind 4 s. 306. Ingebrigt Larsson var søskenbarnet til Ole Toresson. (Sjå eller meir om Ingebrigt og slekta hans under Sjølsenga i det same bygdebokbindet s. 42.)
Det faktum at Ole Toresson og Marit Toresdotter hadde ei dotter med namnet Magnhild, må òg trekkast inn. Med bakgrunn i skikken med oppkalling har vi her enda eit indisium på at hypotesen ovanfor om avstamminga til denne sunndalingen Ole Toresson i Todalen er korrekt.
Du får gjere deg opp ei meining om dette, Magnar.
Mvh. Knut.

Takk for raskt svar. Eg var sjølv innom Ole Toreson på Mo i folketeljinga 1801 som den mest sannsynlege kandidaten, og når du no har dokumentert at mora heitte Magnhild, trur eg nok at det er rett. Så når det gjeld Ole Toreson, vil eg arbeide vidare ut frå identifikasjonen din.
Men kva med kona, Marit Toresdotter. Kan ho vere den Marit f ca 1777 på Visetgjerdet som dotter til Tore Larsson? For er ho det, får vi ei viss tilknytning til Vinjevoll gjennom stefaren Jon Olson. Kanskje dei nygifte heldt til på Vinjevoll ei lita stund før dei fekk ordna med husmannsplassen under Husby i Todalen?
Men kva med kona, Marit Toresdotter. Kan ho vere den Marit f ca 1777 på Visetgjerdet som dotter til Tore Larsson? For er ho det, får vi ei viss tilknytning til Vinjevoll gjennom stefaren Jon Olson. Kanskje dei nygifte heldt til på Vinjevoll ei lita stund før dei fekk ordna med husmannsplassen under Husby i Todalen?
-
- Innlegg: 3058
- Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
- Sted: Øksendal
Re: Ole Thoresen og Marit Thoresdatter
Eg sit ikkje med fasiten når det gjeld avstamminga til Marit Toresdotter, men kvinna frå Visetgjerdet kan vi sjå bort frå, for ho var det skifte etter i 1810 (venstre side):
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24657/475/
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660475.jpg
Eg kan ikkje finne ho registrert som gravlagd i ministerialboka.
Det er smått med andre kandidatar, iallfall om vi legg til grunn FT 1801 for Sunndal.
Mvh. Knut
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24657/475/
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660475.jpg
Eg kan ikkje finne ho registrert som gravlagd i ministerialboka.
Det er smått med andre kandidatar, iallfall om vi legg til grunn FT 1801 for Sunndal.
Mvh. Knut
-
- Innlegg: 588
- Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
- Sted: ELNESVÅGEN
Re: Ole Thoresen og Marit Thoresdatter
Kva med henne du har nemnt side 155d i boka di, Marit Toresdotter f 1787? Som Tore Jonson hadde før ekteskapet med Gjertrud Andersdotter Fale?
-
- Innlegg: 3058
- Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
- Sted: Øksendal
Re: Ole Thoresen og Marit Thoresdatter
Ho kan vere aktuell, ja. Truleg var det ho som tente på Flatvad i 1801:
http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webce ... rk=31#ovre
Denne tenaren vart konfirmert i 1803 (nr. 4, høgre side):
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Konfirmerte 1799-1803, side 67.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-51
Så spørst det om finst andre opplysningar som kan vere til hjelp for å kome vidare.
Mvh. Knut.
http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webce ... rk=31#ovre
Denne tenaren vart konfirmert i 1803 (nr. 4, høgre side):
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Konfirmerte 1799-1803, side 67.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-51
Så spørst det om finst andre opplysningar som kan vere til hjelp for å kome vidare.
Mvh. Knut.
-
- Innlegg: 588
- Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
- Sted: ELNESVÅGEN
Re: Ole Thoresen og Marit Thoresdatter
Det viste seg ganske fort at mor til Marit og Olaug Thoresdøtre, Gjertrud Andersdotter Fale, var dotter til Anders Ivarson på Fale, og som er nemnd i Sunndalsboka bind 2, f 1754 d1799. dette kjen fram i skiftet etter broren Ivar i 1803 på Ulset i Straumsnes. Marit er da oppgjeven som buande på Flatvad. Eg har prøvd å finne seinare skifte etter slektningar på alle sider utan eigne arvingar som kunne ha Marit som ein av arvingane, men har ikkje lukkast. Det er att ein person som kan gje noko: nemleg halvbroren Kristoffer Toreson f 1791 (Sunndalsboka bind 3 side. Han var konfirmert 17 år gamal og da budde han på Tøfte. Mora mista han kort utpå 1800-talet, og eg har ikkje funne skifte etter faren. Eg har ikkje gått gjennom kyrkjebøkene for å sjå om Kristoffer døydde i Sunndal, men i 1865 finn eg ikkje spor av han i heile landet. Så han er enten død før 1865 i Sunndal eller utflytta og død i tilflyttingskommunen før 1865. Det første eg må gjere er sjølvsagt å gå gjennom listene over døde i Sunndal etter konfirmasjonen hans, men samstundes spør eg om nokon har vore borti denne personen i andre samanhengar.
-
- Innlegg: 3058
- Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
- Sted: Øksendal
Re: Ole Thoresen og Marit Thoresdatter
Det var flott at du fann dette skiftet etter Ivar. Det kjem til nytte for meg òg.
Apropos Kristoffer Toresson: Eg har registrert alle utflyttarar og døde/gravlagde frå kyrkjebøkene i Sunndal fram til 1865, men denne personen manglar.