Bind 2/side 319 Bergem - Sydstua

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 2/side 319 Bergem - Sydstua

Legg inn av Knut Sæther » 31. mars 2013 kl. 9.09

Om Markus Bersveinsson f. 1852 står det at han tente i Kristiansund.

Nedanfor er nokre tilleggsopplysningar om han.

I 1876 vart han gift der i byen med Randi Olsdotter Nisja frå Sunndalen (sjå øvst på sida):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A10 (1865-1876), Ekteviede 1876, side 70.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-72

Vi ser at brura var fødd 3. februar 1846, og som far er oppført Ole Smaavold. Her er dåpen hennar (nr. 22):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A04 (1832-1846), Fødte og døpte 1846, side 94.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-98

Det kjem her fram at ho var døypt Rennei, og at foreldra var Ole Olsson Smaavolden og Ingrid Olsdotter Vermøien. Faren hennar er nemnt i Sunndalsboka bind 1 s. 147 (under Småvollan), og mora under bind 2 s. 123 (under Vermøya). Men at desse to hadde ei dotter saman, står det ikkje noko om.

Her er Markus og Rennei (Randi) med to døtrer i FT 1885:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =5257#ovre

Familien i FT 1900:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =1138#ovre

Markus Bersveinsson døydde i 1906 (nr. 35):

Møre og Romsdal fylke, Kristiansund i Kristiansund, Ministerialbok nr. 6e (1901-1916), Døde og begravede 1906, side 41.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-42

Enkja og døtrene i FT 1910:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 6748002642

Svar

Gå tilbake til «Tingvoll: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 2-3»